20. desember 2020
På jakt etter ladestasjon
Ein ting som eg tidleg fann ut då Emma blei sjuk, var at det var nødvendig å finne ein måte å lade batteria på. For meg har det vore å gå i idrettsparken og vera med Sotra damelag💜 Eller med og med, det er vel mest snakk om å vera #rundtlaget😍
Rosa-trening tidlegare i haust i samband med rosa sløyfe-aksjonen til Kreftforeningen |
I dag er det fjerde søndag i advent og me er vel heime. Neste fase er i gong, med pilledosett og jobbing for å få i Emma nok ernæring medan me kryssar fingrar for at kvalmen skal avta litt og kreftene auka.
Innspurten mot jul er så smått i gong. Det er framleis kaos og mykje som ikkje er klart, men det blir jul. Og eigentleg ligg me bra an, mykje takka vera naboar og vener som har bidratt med både bakst, blomar og flax-kalender💜 Alt dette hjelper veldig på for å ikkje få flatt batteri før det heile har begynt.
I tillegg så har eg enno litt straum igjen frå siste fotballtreninga før jul, som eg klarte å få med meg. I år blei det slik at fotballen ikkje kom i gong med seriespel. Det har derfor vore lite behov for lagleiarinnsats frå meg. Det har likevel vore veldig godt å kunne komme innom på treningane. Kombinasjonen frisk luft (det er det faktisk i fotballhallen òg), positiv energi og fine folk har vore ei viktig og god energikjelde.
Emma har òg søkt seg bort så ofte ho har orka, og av og til når ho eigentleg ikkje har orka. Nedstenging og koronapausar har derfor vore ekstra kjipe.
For å sikre meg litt ekstra straum feķk eg altså lurt meg innom den siste treninga før jul. Og godt var det. No er det juleferie og treningspause, og det blir lenge til ny opplading.
Me burde jo eigentleg ha forlangt null pause i år😀
Kommentarer
Legg inn en kommentar