9. desember 2020
Stille før stormen
Seier i går, men no startar den tøffe, mentale kampen for å takle smerte og plager. Det er stille før stormen.
Før me kan begynne å gleda oss til jul, må Emma igjennom ein fase som på fagspråket heiter aplasi. I denne perioden er det høg risiko for infeksjonar, og kroppen har allereie begynt å seie i frå. Grunnen er at blodverdiane fell kraftig. I tillegg er nivået på blodplater og blodceller lågt [her kan eg igjen berre fortelje fritt ut frå det eg har fanga opp, framleis heng det lite biologikunnskap fast i hjernen min].
Dermed er det viktig å beskytte Emma mot bakteriar og virus som vil kunne gje alvorleg infeksjon. Ein del infeksjon vil ho få, og sidan antalet blodlekamer vil vera lågt, er det sannsynleg at antibiotikabehandling må til, i tillegg til meir smertestillande. Utan å gå meir i detalj, er det lett å skjøne at livet ikkje er så stas for ein allereie sliten kropp.
Emma er derfor i isolat på rom 481, eitt av to høgdoserom på post 2. Eg får likevel fortsatt vera med no etter at stamcellene er på plass. Hadde det vore eit anna år kunne ho òg ha tatt i mot besøk, men på grunn av koronaviruset er besøk nok ein gong uaktuelt. For at eg skal få vera her krev det no munnbind og lyseblått forkle, som dei kallar bakfram-frakken eg har på, for å komme nærme ho. Klemming og kos er lite aktuelt.
Dei neste dagane blir ein kamp å komme igjennom, og det verkar ikkje akkurat som om klokka går fortare enn vanleg. Heldigvis skal dei gje ei hjelpande sprøyte kvar dag for å få stimulere beinmergen slik at blodverdiane stig raskare. I tillegg blir ho passa godt på av både legar og sjukepleiarar døgnet rundt.
No er det berre å vente på at stormen som kjem skal løye igjen snarast råd.
Kommentarer
Legg inn en kommentar