14. desember 2020
Tre nøtter til...
Om ti dagar kan me nok ein gong sjå Tre nøtter til Askepott. Det har vore sjølve symbolet på julestemning og at no er det jul for meg sidan, ja alltid, eigentleg.
Hadde eg fått tre ønskenøtter i fjor på denne tida, ville nok ønska mine vore litt annleis enn i år. Men i år er dei nokså klare, og nokså sjølvsentrerte:
- Første ønske: at Emma kjem heim til jul, og at ho får vera heime gjennom heile julehelga
- Andre ønske: at Emma får feira 19-årsdagen sin heime etter at HMAS-behandling nr. 2 er gjennomført
- Tredje ønske: ✌*
Det tredje ønsket reknar eg med at dåke** veit kva er så det lar eg vera å skrive.
Dagane går elles sin gong. Antibiotikaen er skifta ut til ein enno meir breispektra type i forsøk på å fange opp fleire bakteriar, Emma har fått meir påfyll av trombocyttar, og me har kome igjennom ein Harry Potterfilm til. Dagens høgdepunkt blir nok som vanleg NRKs Stjernestøv. Det er stort sett også dagens avslutning før Emma treng å gje seg for dagen.
Ting har blitt litt meir rutine, sjølv om eg heile tida er redd for at det skal blese opp til meir uver.
Utolmodig ventar eg på at immunforsvaret skal stige, medan Emma imponerer stort med å takle det som kjem, om ikkje på strak arm, så iallefall med ein imponerande evne til å stå i mot angrepa.
*✌ = vinnarhand
** På nynorsk kan me skrive "dokker" i staden for "de" eller "dykk", men sidan det ikkje er naturleg for meg så brukar eg "dåke" når eg ikkje treng vera korrekt eller formell. Men det er altså ikkje rett om ein skal bruke normert språk.
Og apropos, skal ein bruke ein nettressurs for å sjekke kva som er normert norsk, bør ein bruke https://ordbok.uib.no/
Kommentarer
Legg inn en kommentar