12. desember 2020
Slangar, røyr og masse stikk Eit blodprøvestikk toler dei fleste av oss, men for ein kreftsjuk blir det uendeleg mange stikk. Mitt første møte med Emma sin kreftlege var gjennom telefonen. Ho ville få bestilt innlegging av veneport på Emma, noko som stort sett skjer om fredagane på Kreft poliklinikk. Emma, som nyleg hadde fylt 18 år og dermed blir rekna som vaksen, var til undersøking med narkose på KK akkurat då og kunne ikkje svare, men det hasta med svaret. Kreften hadde allereie eit solid overtak i kampen og kvar dag var livsviktig. Nølande svara eg ja, og me avtalte at om Emma likevel ikkje ville, fekk me heller avlyse avtalen. Ein veneport, eller VAP (venous access port), er eit kateter med tilgangsport til ei sentral vene. Veneporten blir operert inn under huda, og kvar gong han skal tas i bruk, stikk sjukepleiaren ei nål gjennom huda og inn til porten. Emma har hatt ein slik sidan tidleg i april og han har vore utruleg god å ha. Veneporten har vore i bruk kvar dag ...