12. desember 2020
Slangar, røyr og masse stikk
Mitt første møte med Emma sin kreftlege var gjennom telefonen. Ho ville
få bestilt innlegging av veneport på Emma, noko som stort sett skjer om
fredagane på Kreft poliklinikk. Emma, som nyleg hadde fylt 18 år og dermed blir
rekna som vaksen, var til undersøking med narkose på KK akkurat då og kunne
ikkje svare, men det hasta med svaret. Kreften hadde allereie eit solid overtak
i kampen og kvar dag var livsviktig. Nølande svara eg ja, og me avtalte at om
Emma likevel ikkje ville, fekk me heller avlyse avtalen.
Ein veneport, eller VAP (venous access port), er eit kateter med tilgangsport til ei sentral vene. Veneporten blir operert inn under huda, og kvar gong han skal tas i bruk, stikk sjukepleiaren ei nål gjennom huda og inn til porten. Emma har hatt ein slik sidan tidleg i april og han har vore utruleg god å ha.
Veneporten har vore i bruk kvar dag når ho har fått cellegift, og det har vore mange timar, dagar, ja veker. Det har gjort at antalet stikk har blitt ein god del mindre enn om ho skulle hatt eit perifert venekateter (PVK), eller veneflon som det òg blir kalla. Det har likevel blitt plenty med stikk til blodprøvetaking, narkose, smertestillande pumper, diverse andre kateter etter kvart som det har oppstått komplikasjonar pga. at nyrene har fått problem med å gjera jobben sin eller då ho fekk tarmslyng. Veneflonar har ho òg hatt sin del av.
Etter eine operasjonen |
No når ho skulle få HMAS-behandling måtte veneporten opererast ut igjen fordi dei trengte eit anna kateter med fleire tilgangsportar. Ho har no fått satt inn eit med tre portar. Det er derfor Gustaven kan briske seg med tre mateapparat slik at ho kan få antibiotika, morfin og t.d. trombocyttar (kjempenøgd, klarer endeleg å hugse namnet òg at det er snakk om blodplater).
Dette nye kateteret kallar dei CVK. Den norske
varianten, SVK (sentralt venekateter), brukar dei ikkje i munnleg tale her, men
det er det som står på eitt av utstyrsskapa i korridoren på post 2 har eg sett.
CVK med tre tilgangsportar |
Dei tar òg nesten alle
blodprøvane via CVK-et no. Og det er ikkje berre fordi det er praktisk. Målet
er å unngå minst mogleg perforering, eller stikk i huda fordi alle stikk
inneber ein viss infeksjonsfare. Med eit fråverande immunforsvar og svært lågt
nivå av blodplater, skal det lite til før ein infeksjon kan oppstå eller at
Emma mister for mykje blod.
Og færre stikk er godt. Månad etter månad med ei uendeleg rekkje med undersøkingar og behandling slit på kroppen. Til slutt er det vanskeleg å orke berre den minste blodprøven. CVK-et er derfor ei stor lette no i sluttspurten.
Kommentarer
Legg inn en kommentar