6. desember 2020
Alea iacta est - loddet er kasta
Kreftbehandling krev planlegging, og det som no skal skje, har vore planlagt ei god stund. Høgdosekuren Emma har gjennomført denne veka, kjem snart til å slå ut immunforsvaret heilt. Neste steg er derfor at ho får satt inn eigne stamceller - umodne, og klare til dyst.
Stamcellene ligg alt i frysen og ventar på ho. Tidlegare i haust fekk Emma nemleg mobiliserande sprøyter for at blodproduserande stamceller skulle skiljast ut frå beinmergen og gå ut i blodet – elns… Då nivået på stamceller i blodet endeleg var høgt nok, blei Emma trilla ned på Blodbanken der haustinga så blei gjennomført. Det vil seie at Emma fekk eit kateter i halsgropa. To leidningar blei festa til kateteret og til sentrifugemaskinen. Så blei blodet i kroppen frakta over i maskinen, behandla og tilbakeført.
Sånn gjekk no dagan… Me håpa det skulle ta ein dag, eller truleg to. Men heile tre dagar, og seks timar kvar dag, tok det før dei hadde fått hausta nok posar som sirleg blei plassert i frysen i påvente av det som altså skal begynne i morgon.Hadde det vore ein annan situasjon då me besøkte Blodbanken, ville det vore veldig spennande å høyre meir om korleis stamcellehausting blir nytta i samband med behandling av andre sjukdomar, t.d. MS, men slik situasjonen var, hadde Emma nok med å liggje stille og berre komme seg igjennom dagane. Og eg hadde nok med å gomle nervøst på vestlandslefser og drikke farris. Det er fast meny på Blodbanken, som erfarne blodgjevarar alt veit.
I kveld må Emma inn i isolasjon. Immunforsvaret er i ferd med å stupe og kroppen treng dei umodne stamcellene frå frysen. Det inneber flytting til eit større rom som skal ha plass til Emma og alle som skal jobbe med å få ho igjennom dei neste dagane og vekene.
Eg derimot, må tusle meg heimover for no er det slutt på å få bu med ho. Målet er å komme seg inn i bilen med maska nokolunde i behald. Sannsynleg er det ikkje. Men heldigvis kan eg få stå utanfor Post 2 igjen i morgon og lure meg inn på besøk etter at første tilbakeføring av stamceller er gjennomført i løpet av formiddagen.
Det blir på mange måtar ein stor dag tross alt...
Føler med dere, kom noen tårer her nå... Litt av et behandlingsmaraton dere er inne i!
SvarSlettTakk💜
Slett