4. desember 2020
Tid for høgdose... 😔 Haukeland er no pynta til jul Emma er no på fjerde og siste dag av HMAS , det vil seie høgdosebehandling med autolog stamcellestøtte. Det er den tredje typen kur ho får, etter BEP og TIP. For å bli frisk må ho ha HMAS-kur to gonger. Så langt har rutinen vore mykje som ved tidlegare kurar. Først er det kvalmestillande å få, før posane med kur som skal gis blir hengt opp på Gustaven. Når alt er klart og slangane er kopla opp til Emma sitt CVK-kateter, begynner Gustaven med tikkinga som varer time etter time. Ikkje så reint sjeldan begynner han å pipe og ule pga. luftbobler i systemet. Dette skjer oftare med denne cellegiftblandinga enn tidlegare, men heldigvis har Emma lært seg til korleis ho kan kile han så han roer seg ned igjen. Etter som dagen går orkar ho likevel ikkje klø på han meir. Då trer eg inn og drar i det raude tilkallingsbandet etter hjelp. Etter ein nervøs start som sjukehusnoobar...