Innlegg

Viser innlegg med etiketten kreftstatistikk

Krafttak mot kreft

Bilde
I desse dagar samlar Sotrarussen inn pengar til kreftforskninga. # Krafttakmotkreft blir arrangert saman med Kreftforeningen, og du støttar ved å vippse til #451025 På bildet ser dåke Emma saman med lagvenninnene Michelle og Line som har hatt kreft, og Isabell og Malin som har gått igjennom eit år som pårørande til mamma si, Alvhild, som no er kreftfri💙  Eg synes bildet er ein "god" illustrasjon på at kreft kan ramme alle, og at svært mange av oss vil føle på kreftkampen, enten som sjuk eller pårørande.  Vær ikkje i tvil, kreft er noko drit. Frå det sekundet ein får beskjeden til ein er ferdig med behandlinga, sit frykten som ei klo. Saman med frykta sit sorga for livet ein mister, tida som går medan ein kjempar, nokså åleine, for å få tilbake den kvardagen ein før tok som sjølvsagt, men som ein no er redd ein ikkje skal få tilbake. Heldigvis viser statistikken for dei fleste typane kreft at stadig fleire overlever og blir friske. Storebror min, Per Helge, sa ...