Innlegg

Viser innlegg med etiketten dugnad
Bilde
Hjelp, eg har blitt lagleiar! Dei som kjenner meg godt, veit at eitt av mine favorittomgrep er dugnad . Eg synes det er veldig kjekt å gjera dugnad og kjenne på kva det gjev. Etter mange år med vekedagar og helgar fylt med håndballtreningar og jentungar, seinare ungdommar, var dugnadsinnsatsen min slutt i fjor vår. Trudde jeg. Men så var eg kjempeheldig og fekk tilbod om eit nytt dugnadsverv rundt julatider: lagleiar for Sotra sportsklubb sitt damelag i fotball! Ny idrett, nye folk, ei heilt anna verd. Litt skummelt var det. Ikkje kjente eg hovudtrenaren, og ikkje kjente eg særleg mange av spelarane som målbevisste forflytta seg mellom parkering, garderobe, fotballhall og tilbake. Namnepugging måtte til. Av ein eller annan grunn ville hjernen helst blande enkelte som eg no ikkje kan forstå kunne blandast – dei er jo slett ikkje like og veldig seg sjølv.  Litt etter litt skjedde det som måtte skje – spelarane, trenarane, luktene frå garderoben, boden og tigerbalsamen,...

DUGNAD

Bilde
Eg innrømme det, eg likar dugnad . Eg finn glede av å stå på i lag med andre som òg ønsker å bidra til gruppa, enten det er den lokale fotball- eller handballgruppa, korpset, drillen eller speidaren. For min del går det mest i handball- og fotballting. I dag fyller ein av dei to som har skuld i at eg har blitt slik, år, nemleg far min.  Gratulerer med dagen pappa! I dag kan du feira 80 år, saman med mamma som fylte 75 år tidlegare i sommar.  Til saman har de utført vanvettig mange dugnadstimar. Årssnittet for innsatsen de har lagt ned for ei lang rekkje grupper ligg langt over dei 15 timane + som enkelte kranglar om for tida i det idrettslaget eg høyrer til. «Dugnad» - eit flott ord. Det kjem frå norrønt,   dugnaðr , og betyr «hjelp». Dette omgrepet har altså eksistert i vår del av verda lenge før me fekk vår moderne velferdsmodell. Og det er ikkje eit omgrep resten av verda kjenner like godt. Faktisk er dette noko det kan ta litt tid å forstå ...