Hjelp, eg har blitt lagleiar!
Dei som kjenner meg godt, veit at eitt av mine favorittomgrep er dugnad. Eg synes det er veldig kjekt å gjera dugnad og kjenne på kva det gjev. Etter mange
år med vekedagar og helgar fylt med håndballtreningar og jentungar, seinare ungdommar,
var dugnadsinnsatsen min slutt i fjor vår. Trudde jeg. Men så var eg kjempeheldig
og fekk tilbod om eit nytt dugnadsverv rundt julatider: lagleiar for Sotra sportsklubb sitt damelag i fotball! Ny idrett, nye folk, ei heilt anna verd.
Litt
skummelt var det. Ikkje kjente eg hovudtrenaren, og ikkje kjente eg særleg mange av spelarane som målbevisste forflytta seg mellom parkering, garderobe,
fotballhall og tilbake. Namnepugging måtte til. Av ein eller annan grunn ville
hjernen helst blande enkelte som eg no ikkje kan forstå kunne blandast – dei er
jo slett ikkje like og veldig seg sjølv.
Litt etter litt skjedde det som måtte skje – spelarane, trenarane, luktene frå garderoben, boden og tigerbalsamen, alt sneik seg inn under huda og engasjementet vaks. Igjen. «Dei» og «dåkke» blei stadig oftare til «me» og «oss». Og dugnadshjernen og -hjarta kom i flyt.
Litt etter litt skjedde det som måtte skje – spelarane, trenarane, luktene frå garderoben, boden og tigerbalsamen, alt sneik seg inn under huda og engasjementet vaks. Igjen. «Dei» og «dåkke» blei stadig oftare til «me» og «oss». Og dugnadshjernen og -hjarta kom i flyt.
Men rolla eg skulle ha i gruppa var ikkje nødvendigvis så klart definert. Kva er no ein lagleiar? The free dictionary foreslår å omsetje ‘lagleiar’ med ‘skipper’, men det blir jo heilt feil. Eg veit godt at eg er kjølsvinet, altså lågast på rangstigen i laget. Og det passar meg heilt fint.
NAOB sin definisjon av lagleiar er i same gate og passar heller ikkje:
2 IDRETT person som leder et lag eller en gruppe av idrettsfolk i en konkurranse
Då eg sjølv spelte fotball, hadde me materialforvaltar og oppmann (som kunne vere kvinnelege òg). Materialforvaltar for laget trur eg nok at eg kan påstå at eg er – «forvalter av utstyr, bruksmateriale». Alle som har stått med ansvaret når klubben skiftar utstyrsleverandør veit kva det betyr. Ein lærer masse for å seie det slik😊 Bomtur til Ikea på jakt etter grøne oppbevaringsboksar er heller ikkje ukjent for ein materialforvaltar.
Men
NAOBs definisjon av oppmann er heller ikkje heilt heldig:
2 IDRETT person (i avdeling av idrettsforening) som har ansvar for praktisk gjennomføring av trening og konkurranser
Noko seier meg at dei som har jobba med desse
ordboksartiklane neppe har vore lagleiar eller oppmenn for noko fotballag. Hadde eg prøvd å ta over gjennomføringa av treninga tenkjer eg både nøkkelbrikke til garderoben og goodwill hadde forsvunne kjapt.
Etter eit veldig fint, kort år trur eg at min eigen definisjon av lagleiar passar godt –person som bidrar med «assist utanfor banen». No gjeld det
berre å få til assisten nokre veker til så har eg gjennomført sesongen. Om det
held til fast plass på laget gjenstår å sjå😀
PS.
For dåkke uinnvidde – assist på banen er nesten like bra som målscorar
for det er nemleg ho som er nest sist på ballen før han susar i mål. Just
saying…😊
Kommentarer
Legg inn en kommentar