Fjell kommune - ein nynorskkommune?
I Bergens Tidende står det følgjande i dag (17. november 2011): Nynorsk taper i årets nynorskkommune. Onsdag mottok Fjell kommune prisen som årets nynorskkommune. Kommunens skoleelever derimot, vraker nynorsken. Dette er noko eg har tenkt på i fleire år - ja sidan eldsteguten byrja på Foldnes skule - så når saka nok ein gong no dukkar opp i Bergens Tidende må eg berre seie noko. For Fjell kommune er ikkje ein nynorskkommune, ikkje eigentleg. Når eldstemann skulle skrivast inn i skulen på Foldnes fekk me nemleg følgjande val: bokmål eller nynorsk . Og Foldnes skule er ikkje nokon liten skule. Det er 14 klassar med til saman 300 elevar som går der så kva språkopplæring skulen tilbyr har ein del å seia for antalet nynorsk- vs. bokmålsbrukarar i kommunen. Eg er sjølv oppvaksen i ein nynorskkommune, kjente til forsking som viser gode resultat for nynorskelevar som har bokmål som sidemål og var rimeleg klar for at min unge, jo han skulle lære nynorsk. Men i skjemaet var det ein pare...