Ikkje lov med sideformer for statsorgan...
Haukeland universitetssjukehus må ifølgje BT.no bytte namn frå hjerteavdelinga til hjarteavdelinga. Argumentasjonen for refsen er ifølgje direktør i Språkrådet at:
Språkpolitikk er uansett politikk, og eg håpar derfor at faktisk språkbruk kan vera stemmegjevande når ny reform skal fastsetja framtidas språknorm.
Statsorganer skal ikke bruke sideformer. Jeg vet at det kan være fristende for en etat å velge en form som er mest mulig lik mellom målformene, men sideformene er tilgjengelig for eksempel for skoleelever, ikke for statsorganer. Det er heller ikke i tråd med norsk språkpolitikk å bruke hovedformer som er mest mulig felles mellom de to målformene, ...Sjølv vil eg helst bruke 'hjarte' og ikkje 'hjerte' når eg skriv nynorsk, sjølv om eg i dialekta mi seier det siste. Men eg stussar litt på gjeldande føringar for norsk språkpolitikk og bruken av hovudformer. Det er t.d. ikkje lang tid sidan NHH òg fekk refs pga. feil bruk av namnet på institusjonen. Den forma som skal brukast for høgskular i Noreg er nemleg 'høgskole' - noko eg oppfattar som ei form som er mest mogleg felles mellom nynorsk og bokmål (alt. høyskole vs. høgskule). NHH fekk òg refs for manglande bruk av nynorskforma av namnet, og då spesielt 'Noreg', som skal brukast i staden for 'Norge'.
Språkpolitikk er uansett politikk, og eg håpar derfor at faktisk språkbruk kan vera stemmegjevande når ny reform skal fastsetja framtidas språknorm.
Kommentarer
Legg inn en kommentar