Korleis bestemme nye namn på gamle vegar - om namnevern og namnsetjing av stadnamn
Statens kartverk er i ferd med å namngje heimbygda mi. Krav om ivaretaking av kulturminne står steilt mot dagens namnebruk. Men kva er det rette namnet no? Det som ein gong kanskje blei valt fordi naturen er hellande (hadlande) der bygda blei etablert, eller det namnet som har vore bruk i generasjonar sidan 1600-talet?
Språklege spørsmål skapar lett debatt og spesielt dersom det er snakk om språkendringar som rammar ein sjølv. Eg er oppvaksen på Hollund i Bømlo kommune, eller ‘Hådlån’ som eg seier. No vil Statens kartverk endra namnet til ‘Holland’ eller kanskje ‘Hollond’ til store protestar frå grunneigarar og stortingspolitikarar knytta til staden. Namnet ‘Hollund’ har vore i bruk sidan 1600-talet hevdar dei (BT.no 18.01.2008) og som eit resultat av dette, har fleire familiar i mange generasjonar nytta namnet ‘Hollund’ som etternamn (søk etter Hollund i telefonkatalogen.no gjev til dømes 200 treff på personar med dette namnet).
Kulturarv eller språkendring
Kulturminneomsynet står sterkt i Stadnamnslova og i § 3 om namnevern og namnsetjing heiter det at “Eit stadnamn kan som hovudregel ikkje takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime […] Eit nedervd stadnamn kan ikkje bytast ut med eit namn utan tradisjon på staden dersom ikkje særlege grunnar talar for det.”
Då debatten starta for nokre år sidan framheva Trond Giske (kulturminister den gong) at kulturminne og nedarving av namn er viktig: “Offentlig bruk av stedsnavn er med på å bevare navnene, og det er viktig at navneformene får fram betydningen av navnet og fungerer best mulig i en praktisk sammenheng. Samtidig er det viktig at navnene har en form som folk kjenner seg igjen i og trives med”.
Mor, far og dotter hadde i sommarferien ein diskusjon i barndomsheimen om kva som var ‘rett’ namn. Far hevda at det rette nok var namnet som spegla etymologien, altså opphavet til ordet, det hadlande landet. Mor si meining var at dagens bruk måtte vera det rette sidan det er det alle brukar. Eg er eigentleg einig med begge, eller eigentleg er eg ueinig i utgangspunktet for diskusjonen fordi eg meiner at argument om kulturminne, tradisjon og gjenkjenning av namn eigentleg er uttrykk for språkhaldningar. Og som språkforskar vil eg hevde at desse argumenta eller kategoriane difor er vanskelege å avgrense slik at ein kan få eit “rett” svar. Vitskapar som arbeider med kulturminne har nok ein god definisjon på kva eit kulturminne er, men korleis vege det opp mot tradisjon og gjenkjenning? Og kva tradisjon skal gjelde, den etymologiske eller den tradisjonen som har utvikla seg sidan 1600-talet?
Innan språkforskinga har ein som i samfunnet elles trendar. Og ein trend innan språkvitskapen er at der ein tidlegare arbeidde normativt og slo fast korleis språket skulle vera (t.d. ut frå etymologi), no arbeidar i mykje større grad deskriptivt. Det vil seie at ein studerer korleis språket fungerer i praktisk bruk, ofte gjennom store (munnlege eller skriftlege) tekstsamlingar eller korpus. Innan terminologiforskinga som er mitt fagfelt, er normativt arbeid viktig i nokre samanhengar, slik som når ein skal standardisere termar innan eit teknisk område eller velje norske faguttrykk som avløysarar til latinske medisinske termar. Når eg studerer finanssjargong i norske aviser vil det derimot vera for å skildre kva uttrykk som er i bruk i dag eller over tid. Då arbeidar eg heilt klart deskriptivt og ser på språket i gjevne kommunikasjonssituasjonar. Kanskje er det på tide at fastsetjing av stadnamn også blir meir farga av denne trenden, eller tradisjonen, som det vel heiter når noko har vore på mote i fleire år.
Det kan til slutt nemnast at Store Norske Leksikon (SNL.no) forklarar at opphavet til ‘Holland’ truleg kjem av Holt-land, ‘skoglandet’ med referanse til Nederland. Det kan altså liggja an til ei internasjonal forvirring om dette blir det nye namnet på heimbygda mi og ho skulle kome til å slå an i utlandet.
Kommentarer
Legg inn en kommentar