Innlegg

Viser innlegg med etiketten post 2

13. desember 2020

Bilde
Post 2 I dag er det Luciadagen, men her inne kjem me ikkje til å merke noko til det. Skulle det ha komme nokon på post 2 ville dei uansett ikkje kunne komme inn her sidan Emma er i isolasjon. På grunn av koronaen kjem det nok heller ikkje nokon i korridoren. Men designlampen frå 1950-talet, som heng her inne, har for lengst kapra glitteret og er klar til å bli årets Lucia, sjølv om eg allereie har på forkle og kunne ha fungert om eg  hadde fått glitteret.  Emma ligg altså på post 2 på kreftavdelinga. Post 2 består av to korridorar, som ligg mot sør og vest(?). For meg som ikkje har retningssans som ein innebygd ryggmargsrefleks har det lite å seie. Sidan dørene inn er heilt like, går eg feil rimeleg ofte. Det er ikkje få gongar eg har stått utanfor døra til Emma, trur eg, for så i siste liten innsjå at noko er feil. Framleis same greia ni månader etter... Mi største utfordring er som sagt å vite om eg skal ta til høgre eller rett fram når eg kjem opp med heisen eller trappene,...