Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Fem minuttar etter at eg hadde tatt eit bilete frå min nye, perfekte plass heilt i vasskorpa på Hiskjo, plugga øyreproppane i og starta lydboka, kom telefonen. Namnet til kreftlegen viste på skjermen og eg visste at noko var veldig gale.

Når ein er lenge kreftsjuk, og ofte så dårleg at det er tungt berre å kome seg frå senga til sofaen, så gjeld det å nyte dei gode dagane. Emma er utruleg flink til det. Helga før ho skulle inn for ein ny stor operasjon, hadde ho derfor tatt turen til Oslo med venninna Tuva for å nyte siste rest av ein «relativ» god form og litt sommar.

Då eg såg at det var kreftlegen som ringte forstod eg at det var dårleg nytt. Hennar første spørsmål var om Emma var der med meg. Eg måtte jo svare som sant var at ho var i hovudstaden på vift. Eg forstod raskt at det ikkje var ideelt. CT-bildene dei hadde tatt av Emma tidlegare i veka viste blodpropp som kunne rase opp til lungene om ikkje Emma fekk hjelp.

Der på svaberget, mens hegren higra på skjeret utanfor, blei det hektisk ringeaktivitet til legevakt i Oslo, til Emma for å få ho til å komme seg i ein drosje, og tilbake til kreftlegen som måtte gjere avtale med sjukehuset Emma måtte reise til. Så var det berre å vente. 

Besøkjande i Oslo blir tilhøyrande sjukehus ut frå kva fødselsdag ein har, og Emma skulle til Lovisenberg sjukehus. Sjølv om hjerta mitt banka tungt og magen velta seg der i solsteiken på Hiskjo, så gjekk faktisk alt bra til slutt takka vere Emmas grundige kreftlege og god informasjon hos legevakta i Oslo: Jentene fekk feriera vidare resten av helga.

Kanskje var det likevel eit forvarsel på det som skulle komma. Ferien har vore prega av at den planlagte operasjonen først måtte utsetjast fordi Emma sin kropp ikkje var klar. Svært låge blodplater har gjort operasjon uaktuell fordi ho då lett kunne forblødd. Dermed mista me ein sjanse og ho måtte vente fleire veker på grunn av ferieavvikling. Den 27. juli sjekka me endeleg inn på KK og eit team som til slutt bestod av kirurgar med tre ulike spesialiseringar (gyn, kar og gastro) klarte å få ut den store svulsten som var målet for operasjonen. 

Alt gjekk fint og etter ein lang operasjonsdag fekk eg komme inn til Emma som var plassert på einerom på oppvåkninga. Og einerommet skulle vise seg å vera godt å ha. Vanlegvis søv pasientane natta over på oppvåkninga før dei blir flytta opp til avdelinga der ein blir til ein er sterk nok til å reise heim. Me blei verande på oppvåkninga  ei heil veke (eg fekk heldigvis sove på ei operasjonsseng på snei). I løpet av den tida var dagane eit evig kaos av lettare panikk og negative tankar for både pasient og påheng. Me frykta det verste og håpte det beste.

Nok ein gong fekk me heldigivs kjenne på samspelet og kompetansen på Haukeland. Og nok ein gong fekk me læra nye ting midt oppi krisa, som at på oppvåkninga (skilta med "recovery" uti gangen forresten) er det anestesilegane som rår, men sjølvsagt i nært samarbeid med kirurgane frå KK. Emma sitt vesle rom var stadig fylt med legar og sjukepleiarar, prøvar blei tatt og feber blei målt. Overvåkningskjermen viste heile tida brutalt blinkande kurver. Ny CT blei bestilt, og to netter etter operasjonen kom ambulansen og henta ho opp til Sentralblokka. 

Etter å ha observert eit imponerande samarbeid mellom sjukepleiarar og ambulansepersonellet der dei flytta Emma frå sjukesenga til båra utan å belaste ein sterkt prega og nyoperert kropp meir enn nødvendig, seig eg inn i ein uroleg døs i ein stol. Å vente slik i time etter time er tungt…

Dagen etter blei det undersøking direkte på operasjonssalen nede i gangen. Eg hadde rømt ut av bygget for å trekkje pusten, men blei oppringt med beskjed om å komme opp. Alvoret slo mot meg som ein vegg - Emma måtte opererast på nytt, og det hasta. Det var berre eitt hinder, Emma orka ikkje fleire operasjonar. Det seier eigentleg alt om kor knalltøff denne kampen er, og kor umenneskeleg det er å kjempe. Der i rommet, medan sola skein ute, stod me og såg på kvarandre, dei to kirurgane og eg.

Fem minuttar etter var eg slusa inn i operasjonsalen, med grønne klær på, for å be Emma om å la seg operere. Ein finn krefter til det ein må, og både  pasient og påhenget kom godt ut av det den dagen.

Operasjonen kunne starte og no er me altså heime igjen, etter halvannan veke på sjukehus. Emma har stigande form og snart er ho klar til neste etappe. Det blei ingen gullmedalje, men ein sikkeleg olympiar det er ho💪


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Akademisk ordliste for norsk på plass