Innlegg

Viser innlegg med etiketten aplasi

10. desember 2020

Bilde
Seig og knalltung sesonginnspurt Medan Brann kjempa seg til eitt poeng i gårsdagens kamp mot Start, og Liverpool spela 1-1 mot Midtjylland i Champions League var det nokså stille på rom 481 i går kveld.  Første innleggingsdag i april Dagen min starta med steiking og pynting av pepperkaker som Emma hadde bestilt i ein augneblink der ho drøymde om å skulle orke ein liten bit. Lett uroleg slik ein blir når ein ikkje veit kva dagen har i vente, var det så å ile opp til Haukeland for å sjå korleis det stod til med pasienten.  Det viste seg fort at stormen hadde komme mens eg låg og sov. Heile natta og gårsdagen blei i stor grad ein maraton av det aplasifasen har å tilby, inkludert behov for blodoverføring på natta. Til slutt kom feberen utpå ettermiddagen. Emmas nøkterne kommentar då feberen kom var "godt då er det i gang". Eit par optimistiske kommentarar til kom før ho måtte kvile litt igjen fordi det gjer så vondt å snakke. Eg kan ikkje seie anna enn at me har med ein sotrastri...

9. desember 2020

Bilde
Stille før stormen Seier i går, men no startar den tøffe, mentale kampen for å takle smerte og plager. Det er stille før stormen. Før me kan begynne å gleda oss til jul, må Emma igjennom ein fase som på fagspråket heiter aplasi. I denne perioden er det høg risiko for infeksjonar, og kroppen har allereie begynt å seie i frå. Grunnen er at blodverdiane fell kraftig. I tillegg er nivået på blodplater og blodceller lågt  [her kan eg igjen berre fortelje fritt ut frå det eg har fanga opp, framleis heng det lite biologikunnskap fast i hjernen min].   Dermed er det viktig å beskytte Emma mot bakteriar og virus som vil kunne gje alvorleg infeksjon. Ein del infeksjon vil ho få, og sidan antalet blodlekamer vil vera lågt, er det sannsynleg at antibiotikabehandling må til, i tillegg til meir smertestillande. Utan å gå meir i detalj, er det lett å skjøne at livet ikkje er så stas for ein allereie sliten kropp. Emma er derfor i isolat på rom 481, eitt av to høgdoserom på post 2. Eg får li...