10. desember 2020
Seig og knalltung sesonginnspurt
Første innleggingsdag i april |
Dagen min starta med steiking og pynting av pepperkaker som Emma hadde bestilt i ein augneblink der ho drøymde om å skulle orke ein liten bit. Lett uroleg slik ein blir når ein ikkje veit kva dagen har i vente, var det så å ile opp til Haukeland for å sjå korleis det stod til med pasienten.
Det viste seg fort at stormen hadde komme mens eg låg og sov. Heile natta og gårsdagen blei i stor grad ein maraton av det aplasifasen har å tilby, inkludert behov for blodoverføring på natta. Til slutt kom feberen utpå ettermiddagen. Emmas nøkterne kommentar då feberen kom var "godt då er det i gang". Eit par optimistiske kommentarar til kom før ho måtte kvile litt igjen fordi det gjer så vondt å snakke. Eg kan ikkje seie anna enn at me har med ein sotrastril med bømlablod i årane å gjere💜
Og på ein måte var det godt at feberen kom sidan han var varsla uansett. For når feber kan målast, slår rutinen inn: ei rekkje prøvar blir tatt for dyrking, antibiotika blir kopla opp på Gustaven og kontrollane blir hyppigare gjennom døgnet. Teamet som jobbar med Emma står verkeleg på for å prøve å lindre det som lindrast kan. No er ikkje tida å spare verken på kvalmestillande (som verkar dårleg dessverre), morfin, paracet og diverse anna.
All behandlinga lindra litt, og nok til at me kunne roe ned i kveldinga med å sjå episode ni av Stjernestøv, NRK sin nye julekalender. Kan anbefalast!
Etter det var det mykje godt slutt på kreftene og tid for å kvile fram mot midnatt og neste antibiotikarunde.
Det blir ein tung sesonginnspurt, men etter i går er eg trygg på at sotrastrilen kjem til å kjempe knallhardt heilt til mål. Boksen med pepperkaker står framleis på bordet, urørt. Der skal han få stå til Emma er klar til å ta den planlagde biten😌
Kommentarer
Legg inn en kommentar