21. desember 2020
Vintersolkverv
I dag er det vintersolkverv – dagen før det snur.
Følelsen når noko negativt snur og går mot noko betre, er fantastisk. Elendige blodverdiar som plutseleg viser snev av betre tider gir ein slik føllelse. Men det er lurt å nyte mindre, positive hendingar òg når dei byr seg.
I dag er det vintersolkverv🌞 Store norske leksikon forklarar vintersolkverv slik:
dagen i året som har kortest periode med dagslys og lengst periode med nattemørke. Dette skyldes at dette er den dagen da Solen står lavest på himmelen midt på dagen (minste middagshøyde) (snl.no).
At det er den kortaste dagen i året vil òg seie at i morgon går det mot lysare tider. Sola snur og kloden førebur seg på vår.
Kjenn litt på det midt i julestresset💛 Sjølv om januar og februar nok blir lange og mørke som dei pleier, jobbar altså naturen på for at me skal få ein ny, lys og fin vår.
Eg synes det er herleg å tenkje på.
For Emma ventar fortsatt ein lang og mørk vinter, men våren kjem. Når dagane er så lange at ein trur dei aldri skal gå over, er det ei lita trøyst i å nøkternt tenkje på at alle dagar faktisk er like lange, og at eitt døgn har 24 timar. Alltid. Og at etter ein lang vinter så kjem våren💚
Gjett om det blir feiring etter HMAS 2 og post-koronavaksine.
Kommentarer
Legg inn en kommentar