23. desember 2020
Plan A for å knuse Driten
I dag er det tid for Haukeland igjen. Det er del av plan A, så me er ikkje så veldig stressa. Likevel er det alltid litt tungt å måtte ta turen over Danmarksplass for å besøke Haukeland når ein endeleg har fått litt fri. Men det blir ein vane. Det er slik det er.
Forma til Emma er sånn nokon lunde, etter forholda. Og så lenge blodprøven i dag ikkje viser noko uventa, ligg alt no til rette for at ho skal kunne nå målet sitt om å feire jul heime.
Ein ting me har lært, og som eg har nemnt fleire gonger, er at me kun har éin gjeldande behandlingsplan for Emma, nemleg plan A.
Plan A var først at ho skulle vera ferdigbehandla på ettersommaren/tidleg haust. Men slik gjekk det ikkje. Det blei nødvendig med omkamp, og kreftlegen la derfor ein ny plan. Så langt ser det ut som den nye plan A fungerer. Det har hendt av og til at me har turt å spørje kva om det ikkje går med... Men då har legen bestemt svara at ho kun legg éin plan A, og det er den som gjeld til ei kvar tid for at Emma skal bli frisk. Og det trur eg ho på💜
Det har fått meg til å lure på om det er slik ein tenkjer som trenar òg. Det er ikkje få kampar eg har sett, gjerne som spesialist i sofaen🥴, der eg tenkjer, eller snakkar høgt om kvifor dei ikkje gjer slik, eller slik. Og kvifor bytta dei ikkje ut han der, eller flytta ho der fram før?
Er det slik at for å verkeleg lykkast så må ein gå for den eine planen og førebu seg så godt at den planen verkar bunnsolid? Eller kan ein lykkast om ein er mindre bestemt og open for å ta det som det kjem?
Eg må nok ha ein prat med trenarteamet "mitt" om det når me ein gong får lov til å møtast igjen for meir enn "berre" trening.
Uansett, Emma sin plan A varer til eit stykke ut i februar. Og me trur alle på den. Det er diverse undersøkingar mellom i dag og fram til den 18. januar. Men den 19. januar skal ho nok ein gong gå igjennom det same som no i desember. Det vil seie HMAS, eller høgdosebehandling, ny stamcelletransplantasjon, og ny runde med isolasjon. Etter det skal sjølve kreftbehandlinga vera fullført.
Det blir nok ein ny, stor, skummel prøvelse, der alt vil vera usikkert til det er over. Men i følgje plan A skal kroppen då vera kvitt Driten. Driten er mitt kallenamn på det som klarte å utkonkurrera sjølvaste covid 19 i djevelskap i år.
Men den runden skal de sleppa å følgje like tett, for jula varer nemleg ikkje heilt til påske🌲😊
![]() |
Fri frå sjukehuset er ikkje heilt fri... |
Kommentarer
Legg inn en kommentar