24. desember 2020
Endeleg jul🎄
I dag er det endeleg jul. Tre nøtter til Askepott er i gong og Askepott har nettopp fått ballkjolen sin. No samlar ho mot til å gå inn på slottet for å møte prinsen. Etter sjekk på Haukeland i går, er me fulle av mot også. Målet er nådd. Det blir jul heime på Emma. Lista ligg så lågt ho kan, men det kjennes veldig ok.
Vanlegvis
likar eg advent godt, og eg synes det er viktig å prøve å nyte ventetida
så sakte som mogleg. Men i år har eg kvar dag venta på at timane skulle gå så
fort dei berre kunne.
No er det tid
for å roe ned litt ei stund. Nivået på Emma sine blodplater er imponerande høgt
(høgare enn venta i følgje legen)og beinmergen er i ferd med å bli skikkeleg
nyoppbygd igjen. Det tyder på at det var nokon flotte stamceller dei hausta. Dermed har eg fått min julepresang.
Me står nok
over finstasen i kveld. Planen er i staden ei blanding av julepysj og småstygge
julegenserar. Julemenyen er skifta ut til noko som er litt mindre krevjande å
eta enn pinnekjøt.
Storebror
Olav Martin, som flytta inn til Bergen sentrum same dag som Emma fekk diagnosen
i vår, er på plass i kjellaren for eit par dagar. Det blir fint for det er
ikkje så mykje me har fått sett kvarandre i år.
Og takka vera
snille venner, naboar og arbeidsgjevar har me både julebrød, julekjeks, god drikke og fine
juleblomar som skaper julestemning💜
I tillegg har
me med oss mange gode helsingar frå dåke som me har fått igjennom heile
desember. Det varmer veldig og gir krefter til å ta fatt på siste etappe i
januar. Så tusen takk alle som har fulgt oss i adventstida💗 Det er alltid
godt å ha nokon å gå saman med når ein går i motvind.
God jul til dåke alle. Håper dåke får ei fin og roleg julehelg.
Sjølv om me kom oss heim, så er det andre som strevar oppe i fjerde etasje på post 2 akkurat no. Andre veit me skal inn i romjula. Måtte dei og alle andre som slit eller saknar nokon få ei fin jul💜 |
Kommentarer
Legg inn en kommentar