19. desember 2020

Driving home for Christmas🌲

Med stigande blodverdiar og dalande CRP, er Emma sin plan i dag å prøve å gå vegen ut til heisen, og så vidare ut til bilen, på eigne bein. For i dag får ho reise heim💜

Det kan godt hende det ikkje går å gå, for Emma er langt frå frisk sjølv om ho no er frisk nok. Men i så fall blir det tid til meir opptrening seinare. Då iler eg ned og hentar ein rullestol. No gjeld det å få litt laurdag heime. For når det er tid for heimreise, så hastar det veldig.

Me gler oss til å seie ha det enn så lenge til post 2, sjølv om julatreet har komme på plass i gangen og skaper fin julestemning. Utanfor glaset glitrar lysa til helikopterdekket, og Bergen sentrum ser fin ut herifrå. Det blir berre for nokre dagar før neste besøk, timelista er allereie bra lang, men først er det heim.

Og det er ikkje det at ein ikkje har det bra her, for det har ein jo på eit vis. Når ein er sjuk, så er dette den beste staden å vera. Sjukepleiarane følgjer Emma tett opp, og har full fagleg kontroll utan å gløyme eit sekund at det er ei attenårig jente som ligg her og kjempar. 

Legane er òg tett på heile tida. Kreftlegen, som eigentleg ikkje er behandlande lege akkurat under HMAS- kuren, var nok mykje lenger inne i går enn den tida som står i rutineskildringa, om ei slik finnes. Me klarte til og med å få ut av ho meir spennande om islandske skikkar😍 

Dei tilsette ser det heile. Derfor har dei i dag ordna det slik at første antibiotikarunde blir gitt ein time tidlegare enn vanleg. Kvifor? Jo, for då kan den andre og siste også starte tidlegare. Ein time tidlegare heim er eit hav av tid.
 
Etter det må CVK-en (kateteret i halsgropa) tas ut. Eg skal straks begynne å pakke ned julepynt og adventskalendrar, og alt anna me har fylt rommet med. Ein ny, sjuk pasient skal snart kjempe her inne på 481. 

Men Emma, ho skal heim🥰🥰🥰

Kommentarer

  1. Så gode nyheter!!! Nyt julen hjemme 🥰🎄💐

    SvarSlett
  2. Ja, det skal bli nyting etter beste evne og i små porsjonar😊

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass