3. desember 2020
BEP, TIP og HMAS med éin A...
For eit språkmenneske med minimalt med naturfag i utdanninga har den "medisinske" læringskurva sidan 1. april vore stupbratt. Som pårørande er det både skummelt og til tider blytungt å måtte få kunnskap om noko ein slett ikkje har behov for å lære særleg mykje om, nemleg kreftbehandling, og alt som følgjer med det. Då hjelper det å kunne nøye seg med akronyma.
Emma er no i gang med den tredje typen cellegiftbehandling. Det begynte med BEP, fortsette med TIP og sluttar no med HMAS (med berre éin A). Som de ser har alle kurane namn i form av akronym, og då delvis initialord. Dette gjer at eg kan følgja med i samtalen utan å måtte vite (og ikkje minst hugse😵) at det er snakk om følgjande (for BEP og TIP cellegifter):
BEP - bleomycin, etoposid og cisplatin
TIP - paklitaksel, cisplatin og ifosfamid
HMAS - høgdosebehandling med autolog stamcellestøtte
Lista over såkalla kombinasjonsbehandlingar, som BEP- og HIP-kurane, er lang, og mange akronym er i bruk. Det seier noko om kor utruleg mange kreftsjukdomar som finnes og at forsking har resultert i stadig betre behandling som treff dei ulike svulstane betre👊
Som fagspråksforskar er eg opptatt av at det er viktig å bruke eit språk som folk forstår. Og midt oppi krisa har eg stadig tatt meg sjølv i å "forlate" samtalen og ha ein parallell indre samtale med meg sjølv om termbruken til han eller ho som snakkar. Og godt ut i behandlingsforløpet til Emma må eg seie at det faglege og språklege møtet har gått over all forventing. Ein grunn til det, er at dei me møter, enten det er kreftlegen, sjukepleiaren, kirurgen, biologen eller anestesilegen, er så flinke til å fortelje og forklare dei ulike stega i behandlinga etterkvart.
Og til mitt nivå passer det veldig bra at dei har forståelege termar for det meste, og då altså ein del snedne akronym. Eg veit jo at dei kunne slengt ut eit latinsk eller i alle fall meir teknisk faguttrykk. Desse uttrykka fangar Emma opp som berre det, men eg innser at for meg så held det lenge med eit kreft for dummies-nivå.
Eit kjærkomme krydder i sjukehuskvardagen er at den fantastisk dyktige overlegen som har ansvar for Emma har islandsk som morsmål. Dermed har me fått glede av å høyre litt om hennar møte med pasientar då ho framleis mangla ein del av dei nokså daglegdagse norsk orda ho trengte for å kommunisere med dummies som meg😃
Kommentarer
Legg inn en kommentar