8. desember
7-0 til Emma
Første fotballpokalen - Alvøen sommercup |
Siste posen med
stamceller har no blitt tilbakeført i Emma sitt blod. Alt har gått fint, det
vil seie etter plan A.
Det er klart at det
er mange andre ting ein heller kunne tenkje seg å gjere enn å liggje strekk ut
i ei sjukehusseng dag etter dag, i fleire veker, utan å orke stort anna enn å sove. Vanleg
mat er erstatta med ernæring frå Gustaven, og dagens små høgdepunkt er å supe
nokre slurpar med saft. Adventskalenderen får vente, og Netflix blir for mykje
ork.
Men i denne «idretten» her er ein glad for alle poenga ein kan ta, og i denne runden blei det full pott og heimeseier 7-0.
Som i eit cupmesterskap kjem likevel kampane tett, så det nyttar
ikkje å slappe av for lenge. I morgon er det påan igjen...
Kommentarer
Legg inn en kommentar