17. desember 2020
Det skumlaste akronymet...
Etter månader med testing og måling må eg innrømme at eg begynner å få eit litt problematisk forhold til blodprøvar. Sjølv om blodprøven no viser at det går framover med Emma, synes eg han som oftast gir magevondt.
Eitt av måla er jo CRP-nivået. Akronymet CRP står for C-reaktivt protein og viser om det er betennelse i kroppen- Fleire gongar dette året har stigande CRP fortalt oss at Emma må bli verande innlagt nokre dagar til. Så fell plutseleg nivået og ein føler seg heilt utruleg letta. Akkurat no er CRP-en til Emma på veg ned, noko som gir meg eit stigande optimismenivå.
CRP-en er noko ein følgjer med på i mange samanhengar, og eit mål som er
kjent for svært mange vil eg tru. Blodprøven til Emma blir derimot sjekka for
ei anna sanning som er mykje verre og skumlare, nemleg kor aktiv kreftsjukdommen
er, og kor godt han responderer på behandlinga. Dette ser ein ved å måle tumormarkøren.
Ulike kreftformer gir opphav til ulike tumormarkørar. I følgjer snl.no
er tumormarkør eit stoff, som til dømes eit protein, som blir produsert av ein
svulst og som slepp over i blodbanen. Derfor vil blodprøven avsløre kor aktiv
kreftsjukdommen er.
Ulike kreftformer har ulike typar tumormarkørar, ofte namngitt som eit
akronym. Det skumle akronymet som gjeld for Emma er AFP. AFP i denne
samanhengen har absolutt ikkje noko med avtalefesta pensjon å gjera, men står
for alfa-føtoprotein (ikkje spør meg meir om det…).
Då Emma begynte behandlinga var AFP-en på over 5000. Sidan den gong har
det vore ein evig kamp for å få ned nivået. Både BEP- og TIP-kurane Emma har
fått har virka godt mot kreftsvulsten, og AFP-nivået har sakte, men sikkert gått veldig mykje ned.
Så skjedde det som ikkje skulle skje, nemleg at den planlagde operasjonen
i sommar blei meir omfattande enn ein hadde trudd. Etter kvart resulterte det i
endå ein større operasjon nokre veker etterpå. Den ekstra lange pausen utan
cellegiftbehandling likte kreftcellene godt. Dei jobba intenst for å spreie seg
vidare i kroppen. Dette gjorde at kreften ikkje var vekke då hausten kom, og ein
ny plan A måtte leggjast. Slik er det ofte med kreftbehandling, og det kosta
Emma mange månader til med unntakstilstand og totalt fråvær frå det meste i
livet.
No er me i desember og det går mot slutten av den nye plan A. Etter alle desse ekstra vekene går me for full poengpott og heimesiger mot AFP-en. Og sjølv om kvar blodprøverapport gir litt auka puls så ser det no bra ut, utan at eg tør seie høgt kor bra, i frykt for å jinxe* det✌
Det nyttar uansett ikkje anna enn å ta ein dag om gongen, og neste store mål er framleis å få Emma heim til jul💜
*jinxe [dʒi`ŋksə]
er ikkje eit normert verb
Kommentarer
Legg inn en kommentar