11. desember 2020

Timeout...

Endeleg kom det juletre på gangen vår💜

Ok, då er det berre slik at eg er nokså sliten i dag, og utan den heilt store skrivegleda. Eg veit frå før at eg har kondis til vel ei veka inne med Emma i strekk. Det har ofte blitt nokre dagar til, og då blir me noko krakilske begge to🥴

No har det gått 11 dagar, med stigande stressnivå etterkvart som feberen kjem og går, og posar med diverse blir henta frå Blodbanken (takk kjære blodgjevarar, siste gåva var så fersk som frå 6. desember). Eg ser at Emma strevar veldig, sjølv om ho som alltid seier "det går greit".

Ein seier ofte at ein blir "ramma av kreft" på same måte som eit område blir ramma av jordskjelv. No etter 3/4 år med intens kjemping for å komme i leiinga, forstår eg kvifor ein seier det. I begynnelsen var heile "kreft"-greia for stort og uverkeleg til at det var til å fatte. Det er det eigentleg ikkje enno heller. Men då den første kreftlegen sa "det er kreft" og så berre såg på Emma og meg, då traff orda som eit jordskjelv. Og uttrykket "eit blikk seier meir enn tusen ord" fekk meir meining enn eg eigentleg kunne fatte då.

Heldigvis. 

Og heldigvis har kreftlegen som følgjer Emma opp kvar einaste dag hatt visdom til å fortelje alt det me treng vite, men ikkje alt som er å vite, og så vore open for spørsmål. Ho har alltid god tid, og dermed kjem det gjerne eit spørsmål og to under samtalen som me ikkje hadde tenkt på i forkant. På den måten har me heile tida vore klar over plan A, utan å måtte ta inn over oss kor mykje plan A må endra seg etterkvart som sjukdomen har klart å få inn ein susar som me ikkje såg komme.

Eg har framleis klart for meg plan A, og alt går greit. Men det brtyr ikkje at det er greit. I dag er altså alt dette litt for mykje for meg så eg skal passe på å kvile når Emma døser av. Og kanskje kan eg duppe litt av under Harry Potter og Mysteriekammeret. Me har gått litt i metning på alle dei romantiske julefilmane, så då blir det Harry Pottet revisited framover om me orkar😌

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass