16. desember 2020
Ventesone C...
Det me ventar intenst på no er at beinmergen igjen skal produsere blodceller etter at høgdosekuren har drepe altfor mykje til at Emma sin kropp kan overleve utan. Og i går tidleg fekk eg beste telefonen på lenge. Det var Emma - som fortalte at no har det snudd!!! Dei kvite blodcellene er så vidt i gong.
At ho ringde var jo i seg sjølv fantastisk, sidan ho ikkje har klart å snakke noko særleg meir enn to-tre ord på lenge. Og sjølv om det berre var ei lita endring så kjente eg det godt i magen, på ein positiv måte. For når det først har snudd, går nivået ikkje ned igjen. Men det nyttar ikkje å vera utolmodig, me må framleis vera i venteland. Imens kan eg fortelje om ei anna ventesone.
Midt i koronaåret innførte Haukeland utprøving av det digitale venterommet. Prøvekaninen var poliklinikken, noko som var litt uheldig synes eg. Den skjøre stemninga som var der før automatisk registrering og digitale oppslagstavler som viser kva rom du skal gå til, har blitt noko meir skjør. Personen som kom og tok i mot deg der du sat og var litt usikker på om du var i rett etasje, og om du i det heile orka vera der, er vekk.
Når ein først er registrert, er systemet flott på den måten at dei som skal behandle deg veit at du er på huset, og kor du er i løypa. Ofte har ein fleire timeavtalar etter kvarandre og då slepp ein unødig venting. Men som første møte med poliklinikken synes eg det er ein dårleg ide.
For Emma er det heile nokså praktisk. Medan eg leitar etter parkeringsplass for bilen, klikkar ho seg inn på lenka som tikkar inn på mobilen og stadfestar at ho har komme. Vel inne går registrering i automaten i ventesone C for å kunne ta blodprøve også fint for ho. Men ho er 18 år og høyrer til digitaliseringsgenerasjonen. Verre er det for alle dei som har nok med å svara på mobilen når nokon ringjer, men som ikkje brukar han til særleg meir enn det. For dei var det å bli henta av ein person, trygt og godt - spesielt første gongen dei var der. Spennet frå Emma sin digitale kompetanse til dei eldste pasientane er enormt.
Ein får automatisk tildelt ventesone. Ventar ein oppe i ventesone C der ein skal inn dersom ein har fått tildelt ventesone A, som er nede, kjem nummeret ditt ikkje opp på tavla. Logisk nok, men krevjande når det å kome seg til Haukeland er meir enn du eigentleg orkar den dagen... |
Det er derfor heilt vanleg at me brukar ventetida på venterommet til å drive med digital rettleiing og gje forklaring på kvifor nokon får beskjed om å vente i etasje U (ventesone A) når dei veit dei skal inn til time eller blodprøve i 1. etasje (ventesone C), som reint fysisk ligg i tre etasjar opp frå inngangsdøra.
Og ikkje ein gong ungdommen synes alt er greitt med det nye systemet. Ein uventa kø og ein stengt tunnel førte til at me nådde registeringsautomaten eitt minutt for seint nyleg. Det nytta lite å seie til Emma at no må me springe frå bilen, ned trappene og inn i heisen for å nå det. Ho klarer berre å gå i eitt tempo no, sakte og forsiktig.
Det eine minuttet førte til at systemet ikkje lenger fann ho og dermed fekk ho ikkje registrert seg. Heldigvis hadde ho medhenget med den gongen òg, som kunne ile ned i resepsjonen for å verbalt få fiksa det slik at innleggingsavtalane kunne gjennomførast. Å slepe Emma ned igjen i ventesone A når me begge visste at ho skulle inn til time oppe var derimot uaktuelt. Ho blei verande i ventesone C.
Akk ja, vegen inn til rom 481 er sånn sett noko enklare. Og der inne kom altså vendepunktet for Emma sin del i går. Ekstra blod måtte ho få frå Gustaven igjen, og antibiotika, ernæring og morfin får ho framleis heile dagen. Men ho klarte å sjå fjernsyn frå formiddagen TIL klokka fire, noko som er eit framsteg. Og ho orka å skrape flax-kalenderen sin. Små steg på fram. Målet om jul heime er framleis plan A💜
Kommentarer
Legg inn en kommentar