22. desember 2020
#kreftogkorona
Det viktigaste først - vær så snill å halde avstand i jula òg!
Torsdag ettermiddag, mens me framleis var på Haukeland, møtte eg ein kjær kollega, og venn, som var innom Haukeland for å gje blod – ein av heltane våre altså.
Det var ganske tomt i vrimleområdet slik det er der når det går mot kveld. Me kunne derfor slå oss ned på eit bord i det nye pasientreiser-området utan å bli stressa pga. for mange folk. Å få treffe ho ein liten time var fantastisk Eg kjente kor underernært eg er på sosial kontakt utanom sjukehuslivet. Og det er me vel alle etter eit langt, lite år på heimekontor og med sosial distanse.
Då me skulle seie ha det hadde eg berre så lyst til å gje ho ein klem, eller aller helst å få ein. Men ho har sine klemmevenner som ho har peika seg ut for året, og fleire skal ho ikkje ha i følgje Høie.
Då ettersommaren kom, letta det litt. Me fekk oss eit par turar ut i frisk luft på terrassen me hadde høyrt så mykje om – absolutt verdt turen om nokon skal på Haukeland på besøk i post-koronatid. Med alle plantene som veks der og utsikta, er plassen ein skjult skatt i Bergen.
I tillegg har Emma hatt nokre veldig få venner som har komme på besøk på ungdomsrommet då det opna igjen, og også heime. Det har gjort veldig godt.
Så kvifor skriv eg om dette no? Jo, fordi me er slitne av å vera redde for smitte. Me vil òg gjerne vera ein del av dette rare, sosial distanse-livet. Men det krev at me kan stole på at dåke held avstand, vaskar henda og brukar antibac, og held dåke åleine om forma ikkje er heilt slik han skal. Då kan Emma, kronisk sjuke, eldre, og dei i utsette yrker òg få vera litt meir sosiale.
I går godkjente Noreg første vaksinen, og i romjula kjem han. Måtte det komme mange dosar snarast mogleg, for no er me rett og slett dritleie. [Det er lov å skrive det, berre sjå Nynorskordboka på nett]
Og så vil eg berre åtvara – stakkars dåke om det er dåke eg treff på når eg har fått vaksinen i kroppen til våren ein gong. Då kan det bli tvangsklemming enten dåke likar det eller ikkje🤗
Kommentarer
Legg inn en kommentar