1. desember 2020

Advent - ventetid

I år feirar eg advent på Haukeland universitetssjukehus saman med Emma. Julekort blir det ikkje, men i staden ein liten sporadisk juleføljetong frå sjukerommet. ⭐🎄

Først ein advarsel. Planen er å skrive litt om kreft og kreftbehandling, så det blir ikkje vanleg julekoslektyre. Så til dei av dåke som kan kome til å bli lei av meg, så foreslår eg at de klikker på dei tre prikkane oppe i hjørnet på dette innlegget, vel "slumre Marita i 30 dagar". Då får dåke pause frå meg til eg er ferdig og er tilbake som relativt passiv FB-brukar igjen:-)

Kort fortalt vil adventstid på Haukeland seie at Emma, med meg på slep, kjem til å vera på Post 2 på Kreftavdelinga på Haukeland til rundt juletider (+/-). For tur står HMAS, dvs. høgdosebehandling med autolog stamcellestøtte. 

For den språkinteresserte kan eg fortelje at det går mykje i akronym, eller initialord i sjukehusspråket. Til no har Emma hatt to typar cellegiftbehandling: BEP og TIP. Og no står altså HMAS for tur. Nytt kateter har ho også fått satt inn på morgonkvisten – eit CVK-kateter, eller SVK om du vil.

Meir om det seinare. 

No er Emma kopla opp til dagens cellegiftkur. Og me har kopla oss på Netflix for dagens første økt. Og med det har me starta både adventstida og den lange ventetida mot målet: ferdigbehandla Emma. Det blir nok februar før ho er ferdig, men første sisteetappe er altså adventstida. Målet er heim til jul!🎄



Kommentarer

  1. Lykke til både mor og Emma.

    SvarSlett
  2. Takk for det💜 No er første dagsøkta over og det er tid for å kvile til neste runde.

    SvarSlett
  3. Sender gode tanker deres vei, håper hun kommer hjem til jul 🤞🤗

    SvarSlett
  4. Takk for det. Ja, det går me for:-)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass