18. desember 2020

 Noko hadde skjedd...

Då eg opna døra til rom 481 i går såg eg med ein gong at det hadde skjedd noko. Døra frå slusa og inn til sjølve rommet stod på vid vegg. Nokon måtte ha vore veldig uforsiktige. Eg fekk med ein gong ein litt rar følelse inni meg.

I går morgon klarte eg ikkje heilt å komme meg i gong. Då eg eigentleg var klar til å køyre opp til Haukeland, kjente eg at eg rett og slett måtte kvile ein liten halvtime på sofaen. Emma ringte akkurat i det eg la meg nedpå, og eg fortalte at eg var på veg, men at eg berre måtte samle litt krefter først.

Derfor kom eg opp litt seinare enn dagane før. Det viste seg å vera ein stor tabbe. For årsaka til at slusedøra stod open var det eg såg berre nokre tidels sekundar seinare. Emma si seng hadde blitt pynta med seks norske flagg. Dei hadde feira at ho ikkje lenger må vera isolert. Blodverdiar av typen eg enno ikkje har lært meg namnet på, er no slik at immunforsvaret er på stigande kurs og beinmergen jobbar på slik han skal. Det var ikkje berre flaggfestinga eg hadde gått glipp av då eg tillot meg ein ekstra kvil. Det viser seg at det er fast tradisjon å stille i flokk og synge ein hyllest til pasienten som har kjempa seg igjennom høgdosebehandlinga. 

Ryktet seier at det var både fint, kjekt og noko kleint. Akkurat slik det skal vera. Med den formen eg var i i går var det kanskje greitt at eg ikkje var der. Det hadde vore lite krefter til å halde maska akkurat då. Og dei som kjenner meg veit at det då kunne blitt endå meir kleint. Men gjett om eg kjem til å følgje nøye med når Emma må ha runde nummer to. No veit eg når eg kan begynne å førebu meg på å vera tidleg på plass i gangen på post 2 i tilfelle ein ny opptreden.

Det er rart å skulle vere i rommet utan munnbind på kvar gong eg flyttar meg frå kroken i hjørnet og mot Emma si seng. Det langerma og fotside forkleet treng heller ikkje tas på lenger.

Det er fantastisk godt å vite at er Emma igjennom det verste for denne gong. Men sjølv om morfinen no er kopla frå og Gustaven har litt mindre å gjere på i løpet av dagen, så er det mykje som gjenstår før kroppen orkar særleg meir enn å liggje i ro i senga. Men det går definitivt mot heimreis før jul💜🎄

 
Eg må berre vise fram flagga ein gong til🥰

Kommentarer

  1. Hurra! 🇳🇴Så digg! Krysser fingrene for hjem til jul 💐🤗🇳🇴

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass