13. desember 2020
Post 2
Men designlampen frå 1950-talet, som heng her inne, har for lengst kapra glitteret og er klar til å bli årets Lucia, sjølv om eg allereie har på forkle og kunne ha fungert om eg hadde fått glitteret.
Emma ligg altså på post 2 på kreftavdelinga. Post 2 består av to korridorar, som ligg mot sør og vest(?). For meg som ikkje har retningssans som ein innebygd ryggmargsrefleks har det lite å seie. Sidan dørene inn er heilt like, går eg feil rimeleg ofte. Det er ikkje få gongar eg har stått utanfor døra til Emma, trur eg, for så i siste liten innsjå at noko er feil.
Framleis same greia ni månader etter... |
Dei som jobbar på avdelinga er inndelt i fire grupper: gul🟡, raud🔴, grøn🟢 og blå🔵, etter krefttype/diagnose. Emma høyrer eigentleg til raud gruppe, men sidan det er grøn gruppe som gir HMAS-behandling, har dei overtatt ansvaret no. Fast gruppe gir ein god kontinuitet og gjenkjenning for oss. For dei tilsette vil eg tru at det å lære meir om det særegne med dei ulike krefttypane er det viktigaste. Typisk i helgar, netter og av og til på kveld vil det likevel vera sjukepleiarar frå ei anna gruppe som har ansvaret, utan at det påverkar kvaliteten. Uansett fargekode så blir me godt tatt vare på, både pasienten og påhenget.
Kommentarer
Legg inn en kommentar