4. desember 2020
Tid for høgdose...😔
Haukeland er no pynta til jul
Emma er no på fjerde og siste dag av HMAS, det vil seie høgdosebehandling med autolog stamcellestøtte. Det er den tredje typen kur ho får, etter BEP og TIP.
For å bli frisk må ho ha HMAS-kur to gonger. Så langt har rutinen vore mykje som ved tidlegare kurar. Først er det kvalmestillande å få, før posane med kur som skal gis blir hengt opp på Gustaven. Når alt er klart og slangane er kopla opp til Emma sitt CVK-kateter, begynner Gustaven med tikkinga som varer time etter time.
Ikkje så reint sjeldan begynner han å pipe og ule pga. luftbobler i systemet. Dette skjer oftare med denne cellegiftblandinga enn tidlegare, men heldigvis har Emma lært seg til korleis ho kan kile han så han roer seg ned igjen. Etter som dagen går orkar ho likevel ikkje klø på han meir. Då trer eg inn og drar i det raude tilkallingsbandet etter hjelp.
Etter ein nervøs start som sjukehusnoobar 👀 har me no nokså låg terskel før me får tilkallingsknappen til å blinke. Mange pausar kan nemleg forlenge ei 7-timarsøkt ganske mykje, for ikkje å snakke om 10-timarsdagane tidlegare i haust.
Sjølv om opplegget er nokså likt som tidlegare er det ein stor forskjell på det som no skal skje. Høgdosebehandling inneber akkurat det - at kroppen får ein kjempestor (over)dose cellegift. I kvantum er det snakk om 5 l som skal gjennom systemet per dag, med påfølgjande behov for vanndrivande for at Emma skal sleppe å bli heilt ballong🎈
Målet med kuren er å fjerne alle kreftcellene i kroppen. Men det fører samtidig til at friske bloddannande stamceller også blir drept. Derfor har dei tidlegare i haust hausta stamceller frå Emma sin beinmarg som skal setjast inn i neste veke. Meir om det seinare. No gjeld det å komme igjennom denne siste kurdagen og helga. I går var det slutt på Emma sine krefter lenge før kvelden kom. Dermed blei det smugkikking på håndball-EM i mørkna via PC og med headset for den pårørande i eine kroken av einmannsrommet vårt.
❤️
SvarSlettKjemper godt, dere! Fint nytt ord - "sykehusnoobar"! Klem fra Trondheim!
SvarSlettEit svært dekkande ord😊
SvarSlett