2. desember 2020

Gustaven...💜

Ein kar som har fulgt oss trufast frå dag éin under behandlinga er Gustaven. Alle på Post 2 på Kreftavdelinga drar rundt på eit slikt stativ, og Emma sitt heiter altså Gustaven.

Namnet sitt fekk Gustaven alt første dag me møttes. Kvifor det blei slik, veit eg ikkje, men me syntes det passa godt😌. 

Han står der tolmodig og held på alt det intravenøse som Emma skal ha, enten det er cellegift, saltvatn, magnesium, antibiotika, ernæring, kvalmestillande, paracet eller leukocytter (kvite blodlegeme). 

Kvar morgon kjem det opp posar med alt som skal inn i kroppen, ferdigblanda og sirleg merka med namn og fødselsdato. Så snart Emma har stadfesta eige namn og fødselsnummer blir slangar kopla på og tikkinga kan begynne. På denne kuren Emma får no blir det hengt opp til saman 5 l veske som skal inn i løpet av sju timar - ei real arbeidsøkt kvar dag.

Sjølv om han kan vera irriterande der han står og tikkar time etter time, av og til heile natta òg, så er det på ein måte litt trygt og kjenneleg å ha han her. Men eg er redd han kjem til å bli dumpa så snart det er mogleg. Og då kjem ingen til å sakne han. Eg vil tru det er slik for mange som har vore innlagt på sjukehus over tid at lyden av ein tikkande Gustav gjev ubehag og lyst til å springe derifrå.

No i adventstida har Gustaven dressa seg opp med glitter. Det kler han godt.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass