Black Friday
I morgon er det Black Friday , eller svartefredag om me skal snakke norsk. Det høyrest ikkje ut som eit norsk fenomen, og det er det heller ikkje, sjølv om enkelte butikkar har markert dagen i ei veke allereie, altså ei Black Friday-veke👀. Black Friday viser til dagen etter Thanksgiving , eller hausttakkefesten som blir feira i USA den fjerde torsdagen i november. Dagen etter har mange fri og dermed tid til å starte med julehandelen. Mange butikkar opnar midt på natta, og tidsavgrensa tilbod står på rekkje og rad. Så kvifor heiter det svartefredag? Enkelte hevdar at namnet går tilbake til børskatastrofen i USA i 1869 kor prisen på gull stupte etter ei tid med vill spekulasjon, og finansmarknaden braut saman. Bruken av fargar for å namngje slike hendingar i finansmarknaden er eit vanleg fenomen på engelsk. Det store børskrakket på Wall Street i 1929 varte fleire dagar, og den første store nedgangen begynte torsdag den 24. oktober. I e...