Black Friday
I morgon er det Black Friday, eller svartefredag om
me skal snakke norsk. Det høyrest ikkje ut som eit norsk fenomen, og det er det
heller ikkje, sjølv om enkelte butikkar har markert dagen i ei veke allereie, altså ei Black Friday-veke👀.
Black Friday viser til dagen etter Thanksgiving,
eller hausttakkefesten som blir feira i USA den fjerde torsdagen i november. Dagen
etter har mange fri og dermed tid til å starte med julehandelen. Mange butikkar
opnar midt på natta, og tidsavgrensa tilbod står på rekkje og rad.
Så kvifor heiter det svartefredag? Enkelte hevdar at
namnet går tilbake til børskatastrofen i USA i 1869 kor prisen på gull stupte
etter ei tid med vill spekulasjon, og finansmarknaden braut saman. Bruken av fargar for å namngje slike hendingar i finansmarknaden er eit
vanleg fenomen på engelsk. Det store børskrakket på Wall Street i 1929 varte
fleire dagar, og den første store nedgangen begynte torsdag den 24. oktober. I
ettertid har denne dagen blitt kalla "Black Thursday".
Børsnedgangen fortsette og då tysdagen kom den 29. oktober braut panikken
ut. "Black Tuesday" var eit faktum.
På engelsk snakkar ein om å "be in the red"
og "in the black" alt etter om ein går i minus eller pluss i
rekneskapen. Ei anna forklaring på svartefredag er difor at svartefredag bidrar
til at butikkane har godt sal, og at dei difor går med overskot, altså får
svarte tal i rekneskapen igjen.
Men før dette synet etablerte seg så var det faktisk
politifolk i Philadelphia som i 1950-åra begynte å bruke uttrykket "Black
Friday" fordi dei måtte jobbe 12-timarskift, ikkje berre på grunn av den store
handledagen etter hausttakkefesten, men også fordi det om laurdagen blei arrangert ein stor fotballkamp. Dermed fekk handledagen namn etter kor svart politifolka
såg på den årlege jobbdagen med eviglange jobbvakter. Kanskje noko enkelte kjenner på framleis?
På norsk snakkar me jo om blåmåndag, og eit kjapt internettsøk viser at ein bruker det også om
andre dagar, slik som fredag – altså blåfredag. Eg kryssar fingrane for at komande svartefredag blir
ein god fredag for min del og ikkje ein blåfredag. Det er nemleg dagen etter første
Møbelringen Cup-runde, og dagen før dei to neste. God handling! Meg finn de i
Sotra Arena på dugnadJ
Kommentarer
Legg inn en kommentar