Cyber Monday
Ikkje før me har overlevd Black Friday, som har sege ut til å bli ei heil svarteveke, for ikkje snakke om ein heilsvart "weekend" så slår Cyber Monday i mot oss. Måndagen etter hausttakkefesten er internettbutikkane sin startdag for julehandelen må vita.
"Cyber Monday salget er i gang - Timestilbud og superdeals"Korleis det heng saman med at me i fleire veker har blitt pepra med juletilbod og rabattar kan ein jo lure på.
Fenomenet er relativt nytt, og uttrykket oppstod rundt 2005 etter at aktiviteten hadde vore i gong i detaljistbransjen sidan 2002 og deromkring.
Ei lita oppfordring til bransjen kunne kanskje vore å kome opp med nokre fornorskingar for alle desse handledagane som no kjem sigande frå USA, ein etter ein. Når nye ord dannast på norsk som erstatning for engelske, enten det gjeld allmenspråket eller fagspråket, slik som for det me nok kan kalla ein term, "Cyber Monday", skjer det ofte ved at det oppstår det ein kallar ein hybridterm der første leddet framleis er ein anglisisme medan sisteleddet er eit norsk ord. Eksempel kan vera 'boardingkort', 'collegegenser', eller 'treningstights'. Så cybermåndag hadde ikkje vore heilt håplaust samanlikna med den heilengelske varianten. Eg likar nemleg ikkje denne blandinga så godt, synest det høyrest litt dumt ut. Alt til si tid, og i norske annonser kan det god brukast meir norsk.
Sånn sett er det herleg å høyre at parallellspråkbruk framleis er regelen på håndballbanen når internasjonale lag møtes i Møbelringencup. Litt engelsk og så norsk. Noreg er forresten bra i rute til VM ser det ut som, berre nokre få dagar til no så brakar det laus igjen.
Kommentarer
Legg inn en kommentar