Om Ipad, padda og nettbrett

For nokre år sidan skreiv eg om anglisismar som kjem inn i det norske språket og om "tablet" som hadde krøpe inn som blant anna "Ipad" eller "padde" på folkemunne, men som "lesebrett" i skriftspråket. Ordet "lesebrett" har enno ikkje kome seg inn i nynorsk- og bokmålsordboka, men det har derimot "nettbrett". Det som likevel ofte avgjer kva ting blir heitande er kva språkbrukarane seier og skriv, altså me som brukar norsk til dagleg.

Så då er spørsmålet, kva kallar du din duppedings? Klikk på lenka og svar, https://www.poll-maker.com/poll1921568xB3844DAF-51

Om forslaget til statsbudsjett slår til og Språksamlingane ved Universitetet i Bergen får dei 6 millionane dei no blir lova kjem det forhåpentleg mange fleire ord inn.

Og kanskje vil noko av pengane bli nytta til å jobbe med faguttrykk òg? Det er lov å håpa.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass