Innlegg

Viser innlegg med etiketten isolasjon

6. desember 2020

Bilde
Alea iacta est - loddet er kasta Kreftbehandling krev planlegging, og det som no skal skje, har vore planlagt ei god stund. Høgdosekuren Emma har gjennomført denne veka, kjem snart til å slå ut immunforsvaret heilt. Neste steg er derfor at ho får satt inn eigne stamceller - umodne, og klare til dyst. Stamcellene ligg alt i frysen og ventar på ho. Tidlegare i haust fekk Emma nemleg mobiliserande sprøyter for at blodproduserande stamceller skulle skiljast ut frå beinmergen og gå ut i blodet – elns… Då nivået på stamceller i blodet endeleg var høgt nok, blei Emma trilla ned på Blodbanken der haustinga så blei gjennomført. Det vil seie at Emma fekk eit kateter i halsgropa. To leidningar blei festa til kateteret og til sentrifugemaskinen. Så blei blodet i kroppen frakta over i maskinen, behandla og tilbakeført. Sånn gjekk no dagan… Me håpa det skulle ta ein dag, eller truleg to. Men heile tre dagar, og seks timar kvar dag, tok det før dei hadde fått hausta nok posar som sirleg blei pla...