Innlegg

Viser innlegg med etiketten språkholdning språkplakat

Engelsk eller norsk - eller begge deler?

Bilde
Me brukar stadig meir engelsk i undervisinga i høgre utdanning. Det kjem fram i rapporten " Engelsk som undervisningsspråk på nordiske universiteter ". Samstundes viser spørjeundersøkingar blant studentar og forelesarar at internasjonalisieringa fører til komplikasjonar både på avsendar- og mottakarsida. Forelesarar uttrykkjer frustrasjon over at nyansane i det dei ønskjer å formidle gjerne forsvinn når dei må bruke eit framandspråk, medan studentane opplever at det krev meir tid og energi å skrive på engelsk. Les mer på Forskning.no Engelsk som undervisningssprog på nordiske universiteter – hvordan gør man? Prosjektet om parallellspråklighet

Er ikkje norsk like greit då?

Synest du det er kult med engelsk i tide og utide? Eg synest ikkje det, eg byrjar faktisk å bli litt lei det. Blant anna i stadige reklamesnuttar - gjerne på norsk - som avsluttar med noko fengjande på engelsk. Because you're worth it! Særleg! Eller alle dei horrible stillingsannonsene, kor ein søkjer etter key account managers eller engineers. Det tar jo ein heil språkanalyse å finne ut kva slags kompetanse verksemda er ut etter, og om ein sjølv kan vera kvalifisert. Når det er sagt, så brukar eg engelsk når eg ikkje skal eg òg. Eg har til dømes lagt meg til den teite uvanen å seie "Whatever..", og veit at det høyrest rimeleg dumt ut. Det er som ei sykje som smittar og spreiar seg. Shame on me! Av og til dukkar det opp gode ambassadørar for norsk språkbruk der ein kanskje ikkje ventar det. Tidlegare NHO-leiar, Finn Bergesen jr. var ein slik ambassadør. Som han sjølv sa det i eit oppslag på NHO si nettside:  - Jo flinkere man er i eget morsmål, jo flinkere blir ...