Er ikkje norsk like greit då?
Synest du det er kult med engelsk i tide og utide? Eg synest ikkje det, eg byrjar faktisk å bli litt lei det. Blant anna i stadige reklamesnuttar - gjerne på norsk - som avsluttar med noko fengjande på engelsk. Because you're worth it! Særleg!
Eller alle dei horrible stillingsannonsene, kor ein søkjer etter key account managers eller engineers. Det tar jo ein heil språkanalyse å finne ut kva slags kompetanse verksemda er ut etter, og om ein sjølv kan vera kvalifisert.
Når det er sagt, så brukar eg engelsk når eg ikkje skal eg òg. Eg har til dømes lagt meg til den teite uvanen å seie "Whatever..", og veit at det høyrest rimeleg dumt ut. Det er som ei sykje som smittar og spreiar seg. Shame on me!
Av og til dukkar det opp gode ambassadørar for norsk språkbruk der ein kanskje ikkje ventar det. Tidlegare NHO-leiar, Finn Bergesen jr. var ein slik ambassadør. Som han sjølv sa det i eit oppslag på NHO si nettside:
Norsk næringsliv har har mista ein god ambassadør for å bruke godt språk, norsk når det er høveleg, og engelsk eller andre framandspråk når det er føremålstenleg. Eg vonar språkhaldningane hans lever vidare.
Les språkplakaten Språkvett for næringslivet

- Jo flinkere man er i eget morsmål, jo flinkere blir man også i fremmedspråkHan samarbeidde blant anna med Språkrådet om å få på plass NHO sin språkplakat. Bakgrunnen for dette samarbeidet var nok blant anna følgjande:
"Som generalsekretær i Norges Fiskarlag fikk han et brev fra Statoil - på engelsk. Det irriterte han såpass at han svarte på islandsk, og trua med å bruke zulu neste gang om Statoil fortsatte å henvende seg til Fiskarlaget på engelsk." Sagt om Finn Bergesen jr., minneord i FiskarenProtestane hans vann fram, og neste brev frå Statoil var på norsk, i følgje avisa Fiskaren.
Norsk næringsliv har har mista ein god ambassadør for å bruke godt språk, norsk når det er høveleg, og engelsk eller andre framandspråk når det er føremålstenleg. Eg vonar språkhaldningane hans lever vidare.
Les språkplakaten Språkvett for næringslivet
Kommentarer
Legg inn en kommentar