St. Hieronymus

I dag feirar NHH Hieronymus – skytshelgen for omsetjarar.

Eusebius Sophronius Hieronymus (340–30. september 420), kjend som den heilage Hieronymus, er opphavsmannen til Vulgata, den latinske omsetjinga av Bibelen frå gresk og hebraisk.
På engelsk blir han kalla Jerome, på latinsk Eusebius Sophronius Hieronymus, og på gresk Εὐσέβιος Σωφρόνιος Ἱερώνυμος.
Han sette i gong arbeidet då han blei klar over at eksisterande latinske omsetjingar måtte reviderast, og arbeidet tok fleire år. Først arbeidde han ut frå greske omsetjingar, samla i Origenes’ Hexapla, men tok så utgangspunkt i den hebraiske grunnteksten – eller kjeldeteksten som ein no seier innan omsetjingsteori.
Hieronymus ligg gravlagt i Santa Maria Maggiore i Roma. Han blir rekna som ein av Vestkyrkja sine fire store kyrkjelærarar saman med Ambrosius, Augusin og Gregor.
Minnedagen er eigentleg 30. september.

(Kjelder: Wikipedia og Store norske leksikon)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass