15. desember 2020

Venterommet

Medan Emma fortsatt ligg strekk ut og stort sett døser av til i firetida kvar dag, tenkte eg at eg skulle fortelje litt om venterommet på Kreft poliklinikk i Parkbygget. Emma er no innlagt på Kreftavdelinga, Post 2 i Sentralblokka, men ho har også hatt ein god del behandling på polikliniikken.

Maleri i oppgangen i Parkbygget

Mange av dei som skal behandlast for kreft, møter hyppig på poliklinikken, der ein får blant anna innleiande undersøkingar og oppfølgingssamtalar. Vidare er det på poliklinikken ein tar blodprøvar mellom kurane, i tillegg til at ein får cellegiftbehandling på dagtid om ein kan reise heim eller bu på sjukehotellet etterpå. Emma har også hatt nokre timesøkter med magnesiumpåfyll mellom kurane. Det er ikkje berre cellegift som blir gitt, men det er den behandlinga me kjenner.

Å vera med på venterommet på poliklinikken er ei sterk oppleving, og noko eg har tenkt på mange gongar eg har vore der. Sjølv om lokala er venlege og ganske så nye og fine, er stemninga veldig spesiell.

Her sit yngre og eldre folk om ein annan, nokre har med seg følgje, andre sit åleine. Nokon er der for første gong, enno i uvisse, men med uro i augo. Andre kan du sjå har det blikket ein får når det på ein måte går på rutine, sjølv om ein framleis kan vera både redd og fortvila. Nokon ser du har brukt alle kreftene dei har på å komme seg inn døra, medan andre ser ut som om dei har tenkt å gå til fots heim igjen etterpå. 

Lite og ingenting blir sagt og få smiler, ingen ler. Unntaket var når den litt eksentriske piraten kom - ein skikkeleg fargeklatt blant oss andre meir apatiske. Då var me fleire som humra og viste litt tenner. Alle, også gamle piratar, kan nemleg få kreft💜💜💜

Emma og eg begynte å besøkje poliklinikken i april. Då sommaren kom, blei venterommet på poliklinikken digitalisert som første uttestingsmiljø på Haukeland. Me blei då prøvekaninar. Meir om det i morgon.

No skal eg straks opp på Haukeland og sjå korleis det står til med Emma i dag. Framleis treng ho trombocyttar innimellom, og "maten" blir supplert med magnesium og anna nødvendig tilleggsstoff. Feberen kjem og går, og det same gjer kvalmen. I går kom me oss igjennom den tredje Harry Potterfilmen og Stjernestøv før det var tid for "natt" igjen. Me ventar framleis spent på når det vil snu...






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass