7. desember

Four down, three to go

Å gruglede seg er definitivt noko sjølv om ordet ikkje står i ordboka. No har dagen komme som eg har frykta og gleda meg til på ein gong, nemleg dagen for reinfusjon av stamceller. 

Dei lange dagane Emma måtte igjennom tidlegare i haust då stamcellene blei hausta på Blodbanken, har ført til at heile sju posar med stamceller kan førast tilbake denne runden  Desse skal no tilbakeførast i dag og i morgon.

Reinfusjon eller tilbakeføring vil seie å føre stamcellene tilbake i blodbanen. Høgdosekuren tar jo knekken på dei «gamle» cellene. Stamcellene finn så vegen tilbake til beinmergen og slår seg ned der. Etter kvart modnar dei, formeirar seg, enten til raude eller kvite blodlekamar, eller blodplater. (Fritt fortalt av ein ikkje-biolog😊).

For alle som har, eller trur dei har ein sjukdom finnes det eit uendeleg antal sider ein kan google for å sjekke prognosar og risiko. Det har eg funne ut for lengst at har lite for seg. Sånn sett er det greitt at Emma har ein diagnose det knapt står noko om på nettet, så alt eg finn gjeld uansett andre krefttypar. Men eg skjønar jo likevel at når høgdosen er gitt så må denne prosessen her gå godt for at kroppen til Emma skal kunne fungere igjen. Eg har derfor stor tillit til kreftlegen sin plan A og føler meg trygg på at den er god – akkurat slik ein som berre er rundt laget skal.

Prosessen med å føre tilbake stamcellene får eg ikkje vera med på, men det er ein nøye innarbeida rutine. Gustaven har fått heile tre mateapparat på magen sin slik at fleire leidningar kan koplast til Emma sitt kateter, som har tre utløp. Rommet Emma ligg på har ei sluse a la ein vindfang der to frå Blodbanken står og tiner opp pose etter pose, totalt fire i dag, medan to sjukepleiarar er inne hos Emma og koplar opp posane og passer på blodtrykk osv. Ein lege følgjer med heile prosessen i tillegg.

Så sjølv eg innser at akkurat då er det lite behov for meg.

PS. No har eg komme meg inn, alt har gått etter planen og Emma kviler. Imens kan eg ta fatt på mine oppgåver, som t.d. å få montert adventsstjerna i vindauga. 


Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass