Fjell kommune - ein nynorskkommune?

I Bergens Tidende står det følgjande i dag (17. november 2011):

Nynorsk taper i årets nynorskkommune. Onsdag mottok Fjell kommune prisen som årets nynorskkommune. Kommunens skoleelever derimot, vraker nynorsken.

Dette er noko eg har tenkt på i fleire år - ja sidan eldsteguten byrja på Foldnes skule - så når saka nok ein gong no dukkar opp i Bergens Tidende må eg berre seie noko. For Fjell kommune er ikkje ein nynorskkommune, ikkje eigentleg.

Når eldstemann skulle skrivast inn i skulen på Foldnes fekk me nemleg følgjande val: bokmål eller nynorsk. Og Foldnes skule er ikkje nokon liten skule. Det er 14 klassar med til saman 300 elevar som går der så kva språkopplæring skulen tilbyr har ein del å seia for antalet nynorsk- vs. bokmålsbrukarar i kommunen. Eg er sjølv oppvaksen i ein nynorskkommune, kjente til forsking som viser gode resultat for nynorskelevar som har bokmål som sidemål og var rimeleg klar for at min unge, jo han skulle lære nynorsk.

Men i skjemaet var det ein parentes (om dere velger nynorsk så kan dere risikere at barnet må begynne på Brattholmen skole(?), eller noko i den dur...). Ikkje visste eg heilt kor Brattholmen var den gong, men å drive å skysse vesleguten til ein annan skulekrins for at han skulle få ha nynorsk, nei, det var for mykje å ofre for at vesleguten skulle få den språkopplæringa eg ville han skulle få.

Det blei Foldnes skule og bokmål. Skulen er eg godt nøgd med så det er greitt. Nynorsken blei det derimot ikkje noko av. Trist, men slik blei det.

Heile saka: http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Nynorsk-taper-i-rets-nynorskkommune--2610905.html

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass