Ekspressparkering for kortreiste og langsame handleturar
Alt er relativt seier ein ofte. Òg synet på kva som er ein kjapp handletur. Sartor storsenter på Straume tilbyr no kundane sine parkeringsplassar for ekspresshandling. Parkeringsplassane som ligg i kortast avstand til inngongsdørane er markerte med "ekspress" og omgjorde frå gratis- til betalingsplassar. Det kan sjå ut som om senteret på denne måten heng seg på kortreist og langsambølgja. For som direktør Thomas Skålens ved senteret seier så er dette ikkje gjort for at senteret skal tene pengar:
ekspress, hurtig, uten opphold, med ilbud; uttrykkelig, med forsett, i bestemt hensikt (snl.no)
Ekspressparkering er et nytt tilbud til kunder som ønsker en sentral parkeringsplass, for eksempel dersom de bare skal raskt innom senteret for å gjøre et ærend. ...
- Spesielt når det er mange mennesker på senteret, tror jeg dette vil være et meget godt tilbud til kunder med dårlig tid og som vil betale litt for å parkere sentralt, sier direktør Thomas Skålnes ved Sartor Storsenter.Ja, dette høyrest ut som eit greit tilbod til kundane, men ein må dra litt på smilebåndet òg. For ekspressparkeringa gjeld i maksimalt - 4 - fire timar! Sjeldan har eg så god tid på meg når eg spurtar inn for å få tak i ei mjølk til laurdagsgrauten, men det er godt å vite at eg kan om eg treng det. Førebels fungerer parkeringsplassane som utvida fotgjengarfelt - tomme og ubrukte der dei ligg.
Ekspresshandling i sneglefart... |
Kommentarer
Legg inn en kommentar