DUGNAD

Eg innrømme det, eg likar dugnad. Eg finn glede av å stå på i lag med andre som òg ønsker å bidra til gruppa, enten det er den lokale fotball- eller handballgruppa, korpset, drillen eller speidaren. For min del går det mest i handball- og fotballting.

I dag fyller ein av dei to som har skuld i at eg har blitt slik, år, nemleg far min. 

Gratulerer med dagen pappa!

I dag kan du feira 80 år, saman med mamma som fylte 75 år tidlegare i sommar. 

Til saman har de utført vanvettig mange dugnadstimar. Årssnittet for innsatsen de har lagt ned for ei lang rekkje grupper ligg langt over dei 15 timane + som enkelte kranglar om for tida i det idrettslaget eg høyrer til.

«Dugnad» - eit flott ord. Det kjem frå norrønt, dugnaðr, og betyr «hjelp». Dette omgrepet har altså eksistert i vår del av verda lenge før me fekk vår moderne velferdsmodell. Og det er ikkje eit omgrep resten av verda kjenner like godt. Faktisk er dette noko det kan ta litt tid å forstå når ein kjem til Noreg og skal bli kjent med vår samfunnsstruktur, som det står på ei nettside om korleis bli kjent med den norske kulturen:

Dugnad is one of those concept type words. You know the ones that cannot be defined by a few sentences on paper because they embody so much more than that. They are words with cultural resonance that represent a way of life or an expectation, which is not easy to translate. www.lifeinnorway.net/

 Pappa og mamma har alltid vore aktive dugnadsfolk. Me ungane deltok i korps og drill, handball og fotball, turn og speidaren. Og meir til. Og slik eg hugsar det, så var foreldra mine aktivt med i styre og stell, som trenarar, kakelotteribakarar, med på andre pengeinnsamlingsaksjonar og som vaktar og påpassarar på korpsseminar, leirar og turar. Og dei køyrte, saman med andre foreldre, til seriekampar og cupar, på ferja, og av ferja.

Pappa dreiv òg omfattande dugnadsaktivitet som politikar – for du trur vel ikkje at ein lokalpolitikar i kommunestyret har det som godt løna jobb å lese møtepapir på kveldstid etter jobb, annan dugnad og møter? Så kan de jo tenkja dykk kor mykje tid det gjekk med til det og kven som tok «dugnaden» heime i tillegg til det andre.

Så det er nok dei som har skulda for at eg har blitt som eg har blitt – eg veit ikkje om anna. Og det må eg få takka både mamma og pappa for på denne bursdagen. For sjølv om det på ein måte kunne vore herleg å heller krangle om 15 timars innsats for idrettslaget eller ikkje, så likar eg altså dugnad, følelsen det gjev å skape og få til noko saman med andre, og gleda det spreier og gjev blant born og unge.  


Utan dugnad stoppar Noreg!

Vaskerommet til ei dugnadsmor😫




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass