Krafttak mot kreft
I desse dagar samlar Sotrarussen inn pengar til kreftforskninga. #Krafttakmotkreft blir arrangert saman med Kreftforeningen, og du støttar ved å vippse til #451025
På bildet ser dåke Emma saman med lagvenninnene Michelle og Line som har hatt kreft, og Isabell og Malin som har gått igjennom eit år som pårørande til mamma si, Alvhild, som no er kreftfri💙
Eg synes bildet er ein "god" illustrasjon på at kreft kan ramme alle, og at svært mange av oss vil føle på kreftkampen, enten som sjuk eller pårørande.
Vær ikkje i tvil, kreft er noko drit. Frå det sekundet ein får beskjeden til ein er ferdig med behandlinga, sit frykten som ei klo. Saman med frykta sit sorga for livet ein mister, tida som går medan ein kjempar, nokså åleine, for å få tilbake den kvardagen ein før tok som sjølvsagt, men som ein no er redd ein ikkje skal få tilbake.
Heldigvis viser statistikken for dei fleste typane kreft at stadig fleire overlever og blir friske. Storebror min, Per Helge, sa ofte at statistikken aldri lyg. Dei fleste som får ein kreftdiagnose sjekkar nok då også statistikken for å overleve sin kreftsjukdom.
Statistisk er det altså god grunn til å ha håp og tru på at det skal gå godt når ein blir kreftsjuk. Faktisk er det no slik at tre av fire overlever kreft. Men i den statistikken ligg også tala for dei som ikkje gjer det.
Emma sin kreftdiagnose er nokså uvanleg og ho har få ho kan samanlikne seg med. Samtidig har forskinga vist at Driten hennar responderer godt (eller altså dårleg fordi han døyr) på ei viss form for behandling. Så sjølv om ho saknar ei pasientgruppe å høyre til, er ikkje hennar kreftceller uovervinnelege. Og det er takka vera forsking at cellegifta no kan vinne mot Driten.
Statistikken er på Emma si side.
Men framleis er det krefttypar få overlever, statistisk sett. Derfor er det så utruleg viktig at forskinga fortset for fullt. Støtt derfor Krafttak mot kreft om du kan👊
Og om de lurer på kor Emma og eg er i dag så er me på plass på Haukeland igjen. Utsikta er litt annleis i nord-fløyen, elles er innleggingsopplegget mykje det same - frammøte klokka åtte og så vente. No er klokka vel halv tre og me er nok litt møre etterkvart😐
Kommentarer
Legg inn en kommentar