Third time is the charm

Då er me her, på oppløpssida. Det har vore ein lang maraton, og det er ein meir resignert og nøktern energi som heng i rommet. I dag gjer kirurgen eit tredje forsøk på å få ut Driten for godt. Alle gode ting er som kjent tre💙

Natta blei kort og dagen starta tidleg. På programmet stod oppmøte Haukeland nord igjen, 4. etasje. Det betyr til venstre når ein kjem inn, og så opp ein av dei nye, high-tech snakkande heisane. Tre korridorar med nokså lik merking på dørane seinare fekk me plass i ein Klippan Ikea-sofa mens me venta på at Emma skulle bli henta. 

Eg er lite glad i hyppig bruk av floskelmetaforar. Så når folk ber meg bli med på ei "reise" får eg neller. Men det slo meg då me sat på innleggingsmøte med sjukepleiaren i går og kjempa mot tårene at å vere omreisande sjukehuspasient er som ei blytung reise. I snart eitt år har me vandra rundt og måten Emma framleis tar i mot alt gjer meg audmjuk. "Reisa" har vore lang.

No er det nok ein runde og alt er nytt, frå lokale og folk til rutinar. Ja, ei heilt ny verd ventar. For ein merkar at det er ein annan kultur på kirurgisk klinikk enn det er på kreftavdelinga, eller på på KK. Ikkje verre, berre annleis. Men for ein pasient som for mange veker og månader sidan ikkje lenger orka meir, så blir eit møte med alt dette nye nesten uoverkommeleg. 

Fjerde etasje betyr at me faktisk er nokså nærme den "kjente og kjære" post 2, men likevel er alt framandt her. Det vil seie, eg kjente igjen fleire av portørane,* men for å bevare ei viss verdigheit, lot eg vera å kasta meg rundt halsen på dei der dei køyrde fram og tilbake på pasientar i sjukehussenger. Det er jo heller ikkje lov i desse koronatider. Både Emma og eg håpa nok at ein kjent og kjær sjukepleiar skulle dukke opp, men dei er bak ei anna dør, i ein annan korridor. 

Kjensla av framandgjering kom nok litt uventa på oss begge, og det kjennes tungt å skulle måtte starte på nytt med å bli kjende med og for nye personar. Spesielt når situasjonen er så ekstrem som minuttar frå ein operasjon er det ikkje lett å verke verken normal, fornuftig eller ok.

Å finne krefter til å skulle forhandle om lov til å bli verande til tross for koronafare med berre nye ansikt, blei for krevjande. Dermed er det enno uavklart om eg kan få følge Emma på same måte som før eller om ho no må takle ting meir åleine denne gongen.

Det aller viktigaste er uansett at ting går etter planen no. No gjeld det berre at telefonen ringjer snart. For då har dette gått slik me håpar.

🤞🤞🤞


* https://ordbok.uib.no/




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass