24. desember 2020
Endeleg jul🎄 I dag er det endeleg jul. Tre nøtter til Askepott er i gong og Askepott har nettopp fått ballkjolen sin. No samlar ho mot til å gå inn på slottet for å møte prinsen. Etter sjekk på Haukeland i går, er me fulle av mot også. Målet er nådd. Det blir jul heime på Emma. Lista ligg så lågt ho kan, men det kjennes veldig ok. Vanlegvis likar eg advent godt, og eg synes det er viktig å prøve å nyte ventetida så sakte som mogleg. Men i år har eg kvar dag venta på at timane skulle gå så fort dei berre kunne. No er det tid for å roe ned litt ei stund. Nivået på Emma sine blodplater er imponerande høgt (høgare enn venta i følgje legen)og beinmergen er i ferd med å bli skikkeleg nyoppbygd igjen. Det tyder på at det var nokon flotte stamceller dei hausta. Dermed har eg fått min julepresang. Me står nok over finstasen i kveld. Planen er i staden ei blanding av julepysj og småstygge julegenserar. Julemenyen er skifta ut til noko som er litt mindre kr...