Innlegg

HMAS II

Bilde
Når det enklaste blir umogleg Eg reknar med at dei fleste har opplevd at hukommelsen kan bli trigga av eit sanseinntrykk, gjerne ei lukt, slik at minne strøymer på. Å få trigga eit positivt minne er herleg. Det tunge er når dei negative blir trigga gong på gong slik at ein ikkje klarer å få til det som før var det enklaste av alt. Eit av mine gode «triggerminne» er når eg kjenner ei lukt som minner om min første skikkelege (dyre) hårspray. Året var 1985. Det året vann Bobbysocks Melodi Grand Prix og skulekorpset reiste til vennskapskommunen Torsby i Sverige med La det swinge på repertoaret. På vegen stoppa me i Hokksund, der sjølvaste Bettan og Hanne & co skulle ha konsert. Eg og Tine, barndomsvenninne og medfløytist, hadde kjøpt nye hårsprayar og tømte kvar vår halve flaska i iherdig jobbing med det som skulle bli kveldens frisyre. Å kjenne den lukta igjen og kome på kva lukt det er, er herleg. Denne veka har Emma nok ein gong tatt turen til Haukeland for høgdoseb...

24. desember 2020

Bilde
 Endeleg jul🎄 I dag er det endeleg jul.  Tre nøtter til Askepott  er i gong og Askepott har nettopp fått ballkjolen sin. No samlar ho mot til å gå inn på slottet for å møte prinsen. Etter sjekk på Haukeland i går, er  me fulle av mot også. Målet er nådd. Det blir jul heime på Emma. Lista ligg så lågt ho kan, men det kjennes veldig ok. Vanlegvis likar eg advent godt, og eg synes det er viktig å  prøve å nyte ventetida så sakte som mogleg. Men i år har eg kvar dag venta på at timane skulle gå så fort dei berre kunne.  No er det tid for å roe ned litt ei stund. Nivået på Emma sine blodplater er imponerande høgt (høgare enn venta i følgje legen)og beinmergen er i ferd med å bli skikkeleg nyoppbygd igjen. Det tyder på at det var nokon flotte stamceller dei hausta. Dermed har eg fått min julepresang. Me står nok over finstasen i kveld. Planen er i staden ei blanding av julepysj og småstygge julegenserar. Julemenyen er skifta ut til noko som er litt mindre kr...

23. desember 2020

Bilde
Plan A for å knuse Driten I dag er det tid for Haukeland igjen. Det er del av plan A, så me er ikkje så veldig stressa. Likevel er  det alltid litt tungt å måtte ta turen over Danmarksplass for å besøke Haukeland når ein endeleg har fått litt fri. Men det blir ein vane. Det er slik det er.  Forma til Emma er sånn nokon lunde, etter forholda. Og så lenge blodprøven i dag ikkje viser noko uventa, ligg alt no til rette for at ho skal kunne nå målet sitt om å feire jul heime. Ein ting me har lært, og som eg har nemnt fleire gonger, er at me kun har éin gjeldande behandlingsplan for Emma, nemleg plan A.  Plan A var først at ho skulle vera ferdigbehandla på ettersommaren/tidleg haust. Men slik gjekk det ikkje. Det blei nødvendig med omkamp, og kreftlegen la derfor ein ny plan. Så langt ser det ut som den nye plan A fungerer. Det har hendt av og til at me har turt å spørje kva om det ikkje går med... Men då har legen bestemt svara at ho kun legg éin plan A, og det er...

22. desember 2020

Bilde
#kreftogkorona Det viktigaste først - vær så snill å halde avstand i jula òg! Torsdag ettermiddag, mens me framleis var på Haukeland, møtte eg ein kjær kollega, og venn, som var innom Haukeland for å gje blod – ein av heltane våre altså.  Det var ganske tomt i vrimleområdet slik det er der når det går mot kveld. Me kunne derfor slå oss ned på eit bord i det nye pasientreiser-området utan å bli stressa pga. for mange folk. Å få treffe ho ein liten time var fantastisk Eg kjente kor underernært eg er på sosial kontakt utanom sjukehuslivet.  Og det er me vel alle etter eit langt, lite år på heimekontor og med sosial distanse. Då me skulle seie ha det hadde eg berre så lyst til å gje ho ein klem, eller aller helst å få ein. Men ho har sine klemmevenner som ho har peika seg ut for året, og fleire skal ho ikkje ha i følgje Høie. For Emma er det ekstra tungt å vera sjuk i koronatid. Sjølv om det er mindre som skjer i år, og som ho dermed går glipp av, så er det frykteleg einsa...

21. desember 2020

Bilde
Vintersolkverv I dag er det vintersolkverv – dagen før det snur.  Følelsen når noko negativt snur og går mot noko betre, er fantastisk. Elendige blodverdiar som plutseleg viser snev av betre tider gir ein slik føllelse. Men det er lurt å nyte mindre, positive hendingar òg når dei byr seg.  I dag er det vintersolkverv🌞 Store norske leksikon forklarar vintersolkverv slik:  dagen i året som har kortest periode med dagslys og lengst periode med nattemørke. Dette skyldes at dette er den dagen da Solen står lavest på himmelen midt på dagen (minste middagshøyde) ( snl.no ).  At det er den kortaste dagen i året vil òg seie at i morgon går det mot lysare tider. Sola snur og kloden førebur seg på vår.   Kjenn litt på det midt i julestresset💛 Sjølv om januar og februar nok blir lange og mørke som dei pleier, jobbar altså naturen på for at me skal få ein ny, lys og fin vår. Eg synes det er herleg å tenkje på.  For Emma ventar fortsatt ein lang og mørk vinter,...

20. desember 2020

Bilde
På jakt etter ladestasjon Ein ting som eg tidleg fann ut då Emma blei sjuk, var at det var nødvendig å finne ein måte å lade batteria på. For meg har det vore å gå i idrettsparken og vera med Sotra damelag💜 Eller med og med, det er vel mest snakk om å vera #rundtlaget😍 Rosa-trening tidlegare i haust i samband med rosa sløyfe-aksjonen til Kreftforeningen I dag er det fjerde søndag i advent og me er vel heime. Neste fase er i gong, med pilledosett og jobbing for å få i Emma nok ernæring medan me kryssar fingrar for at kvalmen skal avta litt og kreftene auka.  Innspurten mot jul er så smått i gong. Det er framleis kaos og mykje som ikkje er klart, men det blir jul. Og eigentleg ligg me bra an, mykje takka vera naboar og vener som har bidratt med både bakst, blomar og flax-kalender💜 Alt dette hjelper veldig på for å ikkje få flatt batteri før det heile har begynt. I tillegg så har eg enno litt straum igjen frå siste fotballtreninga før jul, som eg klarte å få med meg. I år blei det ...

19. desember 2020

Bilde
Driving home for Christmas🌲 Med stigande blodverdiar og dalande CRP, er Emma sin plan i dag å prøve å gå vegen ut til heisen, og så vidare ut til bilen, på eigne bein. For i dag får ho reise heim💜 Det kan godt hende det ikkje går å gå, for Emma er langt frå frisk sjølv om ho no er frisk nok . Men i så fall blir det tid til meir opptrening seinare. Då iler eg ned og hentar ein rullestol. No gjeld det å få litt laurdag heime. For når det er tid for heimreise, så hastar det veldig. Me gler oss til å seie ha det enn så lenge til post 2, sjølv om julatreet har komme på plass i gangen og skaper fin julestemning. Utanfor glaset glitrar lysa til helikopterdekket, og Bergen sentrum ser fin ut herifrå. Det blir berre for nokre dagar før neste besøk, timelista er allereie bra lang, men først er det heim. Og det er ikkje det at ein ikkje har det bra her, for det har ein jo på eit vis. Når ein er sjuk, så er dette den beste staden å vera. Sjukepleiarane følgjer Emma tett opp, og har f...