HMAS II

Når det enklaste blir umogleg

Eg reknar med at dei fleste har opplevd at hukommelsen kan bli trigga av eit sanseinntrykk, gjerne ei lukt, slik at minne strøymer på. Å få trigga eit positivt minne er herleg. Det tunge er når dei negative blir trigga gong på gong slik at ein ikkje klarer å få til det som før var det enklaste av alt.

Eit av mine gode «triggerminne» er når eg kjenner ei lukt som minner om min første skikkelege (dyre) hårspray. Året var 1985. Det året vann Bobbysocks Melodi Grand Prix og skulekorpset reiste til vennskapskommunen Torsby i Sverige med La det swinge på repertoaret. På vegen stoppa me i Hokksund, der sjølvaste Bettan og Hanne & co skulle ha konsert. Eg og Tine, barndomsvenninne og medfløytist, hadde kjøpt nye hårsprayar og tømte kvar vår halve flaska i iherdig jobbing med det som skulle bli kveldens frisyre. Å kjenne den lukta igjen og kome på kva lukt det er, er herleg.

Denne veka har Emma nok ein gong tatt turen til Haukeland for høgdosebehandling. Nok ein gong skal kroppen brytast ned til han ikkje er levedyktig lenger for så å få ferske stamceller som skal restarte systemet. Det har vore ei lang ferd inn og ut sidan april i fjor, og dei siste månadane har ho kjent på ein sterk kvalme stort sett heile tida utan at medisin hjelper.

Å eta sjukehusmat har blitt ein av tinga som no er uoverkommeleg. Berre tanken på ein sjukehuskniv eller -tallerken triggar no kvalmen til å velte fram og leggje seg som eit ekstra lag i den allereie nokså kvalme kroppen. Det er ikkje noko feil med maten her. Ein frukost her er mykje godt den same som heime og vel så det. Lunsjen består ofte av suppe og rundstykke, og middagane er greie nok, sjølv om dei nok treff pensjonistane noko betre enn ein 18-åring.

Men hukommelsen har no skapa triggerar som gjer det umogleg for Emma å få ned maten utan at det går gale. Augene vil, svolten er der, men der stoppar det. Ho ønskte derfor å få intravenøs næring frå dag ein då ho blei lagt inn. TPN heiter det på fagspråket, og akronymet står for total parenteral nutrition, eller total parenteral ernæring på norsk. Men så enkelt er det dessverre ikkje. Tre veker utan å ete noko mat er ikkje bra sjølv om TPN-oppløysinga gir alt ho treng av kaloriar. Om ein ikkje et noko over så lang tid kan tilstanden tarmastrofi oppstå. Det vil seie svinn av tarmtottar, små utvekstar i slimhinna i tynntarmen. Tarmtottane treng ein fordi det er dei som syg næring frå tarmen. Eller som eg kan forstå det – et ein ikkje noko, vil tarmen sin funksjon bli dårlegare. Det er naturleg nok ikkje ønskjeleg.

Takk då for kloke sjukepleiarar som forstår akkurat korleis det er, som ikkje pressar på, men som finn fram fargerike fat som eg kan dandere mat på, og plastikkbestikk. Maten er skaffa via hamstreturar på Meny Sletten kombinert med noko matlevering på huset. Dette, i lag med at Emma ikkje er typen til å gje opp, har gjort at ho, kalori for kalori, har klart å motarbeide den negative trigginga nok til å nå dagens kalorimåltal. Sjølv om det har vore ein knallhard kamp for ho med jobbing frå morgon til leggetid, måtte derfor ikkje posen med tilleggsnæring koplast opp før i går kveld. Enno har ho ikkje gitt opp å prøve, men no er det tid for å kjempe mindre. Det er andre kampar på gong.

Som dåke ser av bildet var det berre ei av oss som fekk utteljing for ein time med fønaren og ei halv flaske spray – utan at det la særleg dempar på kvelden.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Ein kamp som overgår ein kvar OL-kamp...

Akademisk ordliste for norsk på plass